Yrkesfaglærar i bygg- og anleggsteknikk – STR – Avd. YF, Vestland fylkeskommune
Education Universitet og hoyskole(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-03-2025
Deadline: 10-04-2025
Yrkesfaglærar i bygg- og anleggsteknikk
Stryn vidaregåande skule ligg sentrum av tettstaden Stryn, inst i Nordfjord. Skulen har om lag 270 elevar og 60 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. I tillegg har vi landslinje i skiskyting og vaksenopplæring i bygg- og anleggsteknikk, restaurant- og matfag og sal, service og reiseliv. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Frå 1. august har vi ledig 100 % stilling som yrkesfaglærar i bygg- og anleggsteknikk.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og vurdere undervising i tråd med gjeldande læreplanar og forskrift
- Oppfølging, rettleiing og vurdering av elevar i praksis
- Samarbeid med næringsliv og opplæringskontor om formidling av læreplass til elevane
- Samarbeid med kollegaer og leiing om utvikling av skulen
- Halde seg orientert om utvikling i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa
- Det kan leggjast kontaktlærarfunksjon til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev og erfaring frå arbeidslivet
- Til alle stillingar er det krav om relevant pedagogisk utdanning. Søkjarar utan pedagogisk utdanning må eventuelt starte på dette innan 3 år for å få fast tilsetjing.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Positiv og liker å jobbe med ungdom
- Sterkt elevengasjement og opptatt av eleven sitt beste
- Strukturert, utviklings- og løysingsorientert
- God på relasjonar og samarbeid med både elevar, kollegaer og leiing
- Kan arbeide sjølvstendig
- Vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- God delingskultur og fokus på utvikling i profesjonsfellesskapet
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning for yrkesfag eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Kontaktinformasjon
Marit Løvøy Gascogne, avdelingsleiar, 48066029
Arbeidsstad
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4941151059
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 10.04.2025
DIVERSE INFO