Stillingsbeskrivelse

Published 22-09-2024
Deadline: 17-10-2024

 

Ynskjer du å skape eit positivt læringsmiljø for våre elevar?

Som rektor hos oss vil du leie eit team av engasjerte og kompetente medarbeidarar, inkludert eigne lagleiarar for barnetrinn, mellomtrinn og ungdomsskule. Du vil samarbeide tett med inspektøren på skulen og vere ein del av rektorgruppa, som består av rektorar frå alle skulane i Vindafjord. I samarbeid med personalet vil du jobbe med å utvikle og oppnå gode resultat for skulen.

Vindafjord kommune søkjer deg som vil vere med å gjere Vikedal skule til ein god stad for læring og trivsel. Rektor rapporterer til barnehage- og skulesjef, som har god kjennskap til skulen. 

Vikedal skule er ein veldriven og moderne 1-10-skule med om lag 170 elevar. Skulen har flotte lokale og ligg nær skog, mark og sjø, som vert aktivt brukt i undervisninga. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Pedagogisk leiing med fokus på å utvikle og sikre høg kvalitet på undervisninga. 

  • Gje tilsette rettleiing og støtte slik at dei kan skape eit godt læringsmiljø for elevane. 

  • Leie utvikling og implementering av skulen sine læreplanar i tråd med retningslinjer og behov. 

  • Arbeide for å skape eit trygt og inkluderande skulemiljø for både elevar og tilsette. 

  • Overordna administrative oppgåver og effektiv bruk av skulen sine ressursar. 

  • Vere ein viktig kontaktperson for foreldre og sørgje for god kommunikasjon mellom heim og skule. 

 

Ynskja kvalifikasjonar: 

  • Pedagogisk utdanning og erfaring som lærar eller i ei leiande stilling innan grunnskulen. 

  • Dyktig pedagog som bidreg til å utvikle, rettleie og setje retning for læringsmiljøet. 

  • God lagspelar med evne til å balansere autoritet og relasjonsbygging med elevar, tilsette, foreldre og samarbeidspartnarar. 

  • Strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag, med evne til å prioritere og organisere arbeidsoppgåver. 

  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor gjeldande budsjettrammer. 

  • Effektiv brukar av digitale verktøy og plattformer for undervisning og administrasjon. 

 

Vi tilbyr ei spennande stilling i ein kommune i kontinuerleg utvikling. Du vil få stor fridom til å drive Vikedal skule slik du ønskjer, samtidig som du vil få god støtte av lærarar, lagleiarar, inspektør, barnehage-/skulesjef og andre rektorar. Vi kan leggje til rette for rektorutdanning, og du vil få moglegheit til å vere med i eit leiarutviklingsprogram som går over 2 år. Med vårt kontinuerlege fokus på leiarutvikling sikrar vi at du har dei nødvendige ressursane for å vekse og trivast i di rolle. 

Vi verdset våre tilsette og fokuserer på at det skal vere triveleg i Vikedal også etter arbeidstid. Vi har eige bedriftskunstlag, kommunalt kor og fleire sosiale tilstellingar i bygda og på skulen. For å setje pris på våre tilsette arrangere me annakvart år VindaFesten, som er ein heilaften med god underhaldning og mat. Likar du å trene, kan vi tilby rabatt på treningssenter. Enten du bur i Vikedal eller litt lenger unna, vil det vere moglegheit for heimekontor (t.d. ein fast dag i veka). Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med god pensjons- og forsikringsordning. 

For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Jonas Grønningen tlf. 923 70 980 eller Bente Velde tlf. 976 60 982 i Personalhuset. Du kan også kontakte kommunalsjef Nils Erik Eide tlf. 982 86 872 eller barnehage og skulesjef Anita J. Grindheim tlf. 901 15 497 i Vindafjord kommune.  
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med om lag 9000 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særleg sterkt og variert næringsliv, og ambisjonar om å vera senteret for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.
Webside www.vindafjord.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted VIKEDAL (Adresse: Kyrkjevegen 7 Postnr: 5583)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e0176154-94e2-4ab2-8745-ec829fff9c8c
IMPORTAPI