Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 13-01-2025

 

Ynskjer du å bidra til å styrke vårt fagmiljø innan HMS-arbeidet?

Voss herad skal styrka og vidareutvikla det førebyggande HMS-arbeidet, basert på kunnskap og erfaringar om dei risikofaktorane som er knytt til offentleg sektor og til kvar enkelt arbeidsplass i våre tenester. Me ynskjer å styrke vårt fagmiljø med deg som vil vera vår sentrale rådgjevar innan HMS-arbeidet. Stillinga ligg til HR-avdelinga ved stabsavdeling HR og Innovasjon. Du vert del av ei aktiv og kompetent faggruppe med ansvar for utvikling, rådgjeving og opplæring innan HMS og HR-feltet. Me har ein god arbeidsplass der arbeidsdagen er prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen med moglegheit for påverknad og fagleg utvikling.

Me har ledig 100 % fast stilling som HMS rådgjevar med oppstart så snart som råd.

Arbeidsoppgåver

  • Styrka det førebyggjande og systematiske HMS-arbeidet
  • Rådgjeving innan HMS
  • Koordinera og gjennomføre kompetanseutvikling, opplæring og informasjon
  • Etablera og vedlikehalde HMS retningslinjer, rutinar og prosessar 
  • Leia og/eller delta i utrednings- og utviklingsarbeid
  • Sekretærfunksjon for arbeidsmiljøutvalet og byggearbeidsutvalet
  • Samarbeid med verneteneste og tillitsvalte
  • Koordinera samarbeidet med bedriftshelsetenesta 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på minimum bachelor nivå
  • Ynskjeleg med erfaring frå HMS arbeid i offentleg sektor
  • Fordel med leiarerfaring
  • God digital kompetanse og systemforståing
  • Gode språk og kommunikasjonseigenskapar skifteleg og munnleg

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Personlege eigenskapar

  • Evna til å skapa eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske einingar
  • Kan arbeida sjølvstendig, strukturert og målretta med høg gjennomføringsevne
  • Er ein god lagspelar og ein tillitsskapande relasjonsbyggar
  • Er fleksibel og kan raskt handtere akutte situasjonar
  • God formidlingsevne

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der me støttar og oppmuntrar kvarandre
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Fleksitid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad HR og Innovasjon orgnr: 925878944
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse- og miljørådgivere
Sted VOSS (Adresse: Voss Tinghus Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7779ea50-05a4-4b11-88f8-f523c486399d
IMPORTAPI