Ynskjer du å arbeida som lærar Voss herad? Sjå her – Voss herad Palmafossen skule
Education Grunnskole(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-01-2025
Deadline: 20-01-2025
Ynskjer du å arbeida som lærar Voss herad? Sjå her
Tilsetjinga skjer fortløpande i perioden.
Informasjon om stillinga:
Me har ledig 100% fast stilling som grunnskulelærar, i vossaskulen. Som tilsett i vossaskulen kan arbeidsstad variere. For perioden snarast til 31.12.2025 vil tenestestad vere Palmafossen skule.
Om skulen
Palmafossen skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer aust for sentrum, og har omlag 170 elevar og 30 tilsette. Skulen ligg like ved turløypene i Bømoen. Gjennom eit skuleår vert ulike tilskipingar som aktivitetsdag og fagdagar arrangert i regi av elevråd, FAU og tilsette. Forutan Bømoen nyttar elevane ved skulen godt av kunstgrasbana og ny leikeplass som nyleg vart sett opp ved skulen.
Skuleåret 2025 har me rekning i alle fag som hovudsatsingsområde. Me ynskjer primært å tilsetja i heile stillinga, men det kan verte opna opp for å tilsetja i delar av stillinga. Ver vennleg å skriv i søknaden kor stor stilling du ynskjer, om du ikkje ynskjer full stilling.
Me ynskjer deg som
- er god på samarbeid og relasjonsbygging
- er trygg og tydeleg
- er strukturert
- er engasjert og positiv
- har eleven i fokus, og som har eit stort engasjement for eleven sin faglege og sosiale utvikling
- har gode dugleikar i klasseleiing
Arbeidsoppgåver
- undervisning på 1.-7.trinn
- undervisning tilknytt elever med individuell tilrettelagt opplæring
- undervisning knytt til intensive kurs i lesing og rekning
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Kvalifikasjonar
- grunnskulelærar (GLU 1-7 eller GLU 5-10)
- spesialpedagog som har erfaring med undervisning innan individuell tilrettelagt opplæring og intensive lese- og reknekurs
- søkjarar med anna relevant kompetanse kan verte vurdert
Me tilbyr
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for GLU 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Fast stilling i Voss herad
- Kontaktlærartillegg frå kr. 42 200 til kr. 45 000 per år
- God ordning for etter- og vidareutdanning
- Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt miljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO