Ynskjer du å arbeida som assistent å bidra til ein meiningsfull kvardag? – Voss herad Dagavdeling Hagahaugen/Voss sjukeheim
Health and social care Helsefagarbeider(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 28-11-2024
Deadline: 13-12-2024
Ynskjer du å arbeida som assistent å bidra til ein meiningsfull kvardag?
Me har ledig eit 100% vikariat som assistent/aktivitør hjå dagaktivitetstilbodet for eldre på Hagahaugen/Voss sjukeheim. Vikariatet har ein varigheit på 6 månadar, med moglegheit for forlenging. Arbeidstid er per i dag frå kl 08:00-15:30.
Aktivitetstilbodet er eit tilbod for heimebuande eldre, kor me skal bidra til ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Det skal fokuserast på aktivitet, oppleving av meistring og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulera til å vedlikehalda dagleglivets funksjonar hos brukar.
Om arbeidsstaden
- For augeblikket har me to dagavdelingar i sentrum lokalisert på Hagahaugen og Voss sjukeheim.
- Me har tilrettelagt tilbod til menneske med demens 5 dagar + ettermiddagstilbod 4 dagar i veka. På Hagahaugen har me eit ordinært dagaktivitetstilbod 5 dagar i veka.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av aktiviteter på dagavdelingane
- Skapa gode dagar for våre brukarar
- Gjennomføra/leia trimtime for brukarane
- Tilrettelegging av måltider og fokus på ernæring
- Gi hjelp til personleg stell og pleie
- Vera merksam på endringar hos brukar
- Motivering til aktivitet og deltaking
- Journalføring etter gjeldande regelverk
- Bidra til utviklingsarbeid i tenesta
Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Kven er det vi søkjer etter?
- Den som søkjer på stillinga bør ha interessa for arbeid i eldreomsorga.
- Det er og ein fordel at ein har erfaring med arbeid innan demensomsorga og erfaring med tilrettelegging av aktivitetar.
- Me søkjer deg som er miljøarbeidar, aktivitør eller liknande. Du kan verte vurdert som søkjar utan utdanning, om du har relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons og samarbeidseigenskaper
- Fleksibel
- Engasjement for brukargruppene
- Evne til å skape mestring, trivsel og glede
- Evne til å ta ansvar og koordinera
- Personelege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Godkjent politiattest må fremleggjast før tiltredning i stillinga.
Me tilbyr
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO