Stillingsbeskrivelse

Published 14-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Vinstra vidaregåande skule – Undervisningsstilling faglærar i arbeidsmaskiner

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig 100% fast undervisningsstilling på VG2 arbeidsmaskiner frå 01.02.2025.

Vi søkjer deg som

  • har kunnskap og interesse for traktor, arbeidsmaskiner og anleggsmaskiner
  • har innsikt i ny teknologi i faget
  • er oppteken av kvalitet i arbeidet
  • er sjølvstendig og strukturert, men trivst også med å arbeide i team
  • skapar gode relasjonar med elevar og kollegaer
  • liker å arbeide i eit miljø med ungdom
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

 

Vi tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med kollegaer
  • eit godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • inntil 100% stilling
  • ledig frå 01.02.2025
  • faglærar i programfag i Vg2 arbeidsmaskiner. Eventuelt undervisning på vg1 teknologi og industrifag
  • undervise elevar med behov for ekstra tilrettelegging

Arbeidsoppgåver

  • undervisning i programfag, teori og praktisk arbeid innafor fagområdet arbeidsmaskiner.
  • ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga i tråd med skolens kvalitetssystem, læreplanar og aktivitets planer
  • arbeid i team og tverrfagleg samarbeid om undervisning og veiledning
  • samarbeide med næringslivet i aktuelle bransjar
  • ivareta og utvikle verkstad, verktøy og anna utstyr som blir brukt i undervisninga

Kvalifikasjonskrav

  •  det er krav om fagbrev innafor eitt av fagområda: landbruksmekanikar, anleggsmaskinmekanikar, truck/lift mekanikar
  • fagbrev som mekanikar for tunge kjøretøy kan og væra aktuelt

Ønskte kvalifikasjoner

  • det er ønskjeleg med Teknisk fagskule eller Ingeniørhøgskule eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning

Ønskte eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • serviceinnstilt og imøtekommande
  • fleksibel og løysningsorientert

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule orgnr: 974597233
Kort om arbeidsgiver I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.

Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.

Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.

Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar – gode forbilde formar framtida!

Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.

Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted VINSTRA (Adresse: Gamle Skåbuv. 10 Postnr: 2640)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0065b1f1-8922-4227-a5b2-fb53387c0838
IMPORTAPI