Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 20-01-2025

 

Vil du vere med og vidareutvikle Bjørnafjorden kommune vi søkjer

Vi har ledig 100% fast stilling som spesialrådgjevar for kommunedirektør.

Som spesialrådgjevar vil du jobbe tett saman med kommunedirektøren og leiargruppa hans.  
Stillinga som spesialrådgjevar er ein spennande moglegheit til å vere med på å vidareutvikle Bjørnafjorden kommune.  

Hovudarbeidsoppgåver i stillinga 

  • Støtte kommunedirektøren og leiargruppa hans, i det daglege arbeidet 
  • Rådgjeving og problemløysing for både administrativ og politisk leiing 
  • Delta i prosjekt og prosessar som påverkar heile kommunen 
  • Vere sentral i omstillingsarbeidet kommunen står i 
  • Kontakt med eksterne aktørar som fylkeskommunen, Statsforvaltaren og andre samarbeidspartnarar 
  • Hjelpa kommunedirektøren med eigarstyring av kommunale selskap 
  • Sette deg raskt inn i ulike problemstillingar og bistå i arbeidet med å skrive politiske saker, strategiske planar og andre dokument 

Kvalifikasjonskrav 

  • Relevant høgskuleutdanning, til dømes innan samfunnsfag, juridiske eller økonomiske fag  
  • Erfaring frå arbeid med rådgjeving i toppleiargrupper, større endringsprosessar eller prosjekt. Dette kan kompensere for utdanningskravet 
  • Kjennskap til, eller erfaring med arbeid i kommunal eller offentleg sektor 

 Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Personlege eigenskapar 
Som spesialrådgivar har du eit heilskapleg blikk, og får raskt oversiktsbilete over sakene du arbeider med. Du er sjølvstendig, analytisk, og bidrar til gode vurderingar. Du har god arbeidskapasitet, meistrar å handtere fleire parallelle prosessar samtidig og levere saker under tidspress.  
Du tek initiativ, og er i stand til å gjennomføre prosessar som gir betre kvalitet for innbyggjarane. For at du skal lukkast i arbeidet treng vi at du har god samarbeidsevne, lyttar med respekt og er engasjert i arbeidet. I denne stillinga er det viktig at du har gode munnlege og skriftleg framstillingsevne og god digital kompetanse.  

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Kommunedirektøren – stab&støtte orgnr: 874544922
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2bb39d80-ad3c-4128-8d8a-120d12c17d78
IMPORTAPI