Stillingsbeskrivelse

Published 03-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Vil du vere med og byggje framtidas Sogndal?

Vil du vere med og byggje framtidas Sogndal?

Me i Sogndal kommune er på jakt etter deg som ikkje berre ser jobben som eit arbeid, men som vil vere med og forme eit samfunn der folk trivst og veks. Hos oss vert du ikkje berre ein ansatt – du vert ein del av eit fellesskap som har omsorg for både kvarandre og dei me jobbar for.

Om stillinga

Eininga veg og grøntanlegg har ansvar for å halde kommunen grøn og innbydande, frå parkar til vegar og kaianlegg. Du vert teammedlem i eit dyktig team som held hjula i gang og som jobbar aktivt for å gjere kommunen til ein trygg og vakker plass å bu. Dine hovudoppgåver vil inkludere å handtere kontraktar, oppfølging av rammeavtalar og driftsavtalar, tett samarbeid med driftsavdelinga, og mykje meir.

Kven er du?

Me ser etter deg som er strukturert og engasjert, og som trivst med å ha ansvar. Erfaring frå sakshandsaming, avtalearbeid og arbeid med veg og grønare initiativ er ønskjeleg, men viktigast er at du har lyst til å lære og vekse med oss. Hos oss får du høve til å påverke eigen arbeidskvardag og vera med på spennande prosjekt som styrkar både deg sjølv og lokalsamfunnet.

Dette får du hos oss:

  • Ein arbeidsplass som verdset dine idear og initiativ
  • Ein kultur der me heiar på kvarandre og hjelper kvarandre å lykkast
  • God pensjons- og forsikringsordning, fleksibel arbeidstid og moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit inkluderande miljø der alle vert møtt med respekt og støtte til å lykkast i jobben

Sogndal kommune ønskjer å skape eit miljø der tilsette opplever tilhøyrsel og utvikling. Her skal du ikkje berre trivast – du skal oppleve å gjere ein forskjell kvar einaste dag.

Klar for å bli ein del av laget vårt?

Send inn søknaden via vårt rekrutteringssystem EasyCruit innan fristen. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk, og alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Veg og grøntanlegg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Kunst og kunsthåndverk
Sted SOGNDAL (Adresse: Parkvegen Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6c08b70f-27c0-4ad6-bc3a-3d9f2d7ef3b9
IMPORTAPI