Stillingsbeskrivelse

Published 07-10-2024
Deadline: 23-10-2024

 

Vil du vere med i verdas fremste revolusjon innan bærekraftig ferjedrift?


Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, om bord MF Horgefjord. Denne hybridferja, bygd i 2018, er oppgradert med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.

Tiltreding i stilling januar 2025!

Arbeidsoppgåver

  • Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt. 
  • Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument. 
  • Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav. 
  • Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. 
  • Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: Døgnskift – 3 veker på og 3 veker av.

Kontaktinformasjon

Viktoria Marie Hegna Grannes, Bemanningskoordinator, +47 404 60 408, viktoria.grannes@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv546 20
5392 Storebø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4870376938
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted STOREBØ (Adresse: Fv546 20 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/85efb6c9-954f-4f79-9c31-71d61d4ae2f5
IMPORTAPI