Stillingsbeskrivelse

Published 17-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Har du eit brennande hjarte for våre små barn?

Hjartdal barnehage er ein 1-6 års avdelingsbarnehage med nyrenovert lokale. Barnehagen organiserast i liten og stor base og held til i kyrkjekrinsen i Hjartdalsbygda. Styrarfunksjonen her er delt mellom 60%  administrasjon og 40% arbeid på avdeling.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å følge opp og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar
  • Økonomiansvar for barnehagens budsjett
  • Personalansvar
  • Samarbeid med føresette
  • Administrative oppgåver
  • Samarbeid og samhandling med tenester knytt til oppvekst
  • Tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Styrarutdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav.
  • Erfaring som pedagogiskleiar/leiar er ønskeleg
  • Oppdatert på nyare forsking innanfor barnehagefeltet.
  • God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner.
  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel, kreativ og ha barn i fokus.
  • Du må ha god arbeidskapasitet, handlekraft  og gjennomføringsevne.
  • Du må vere innovativ og endringsvillig
  • Du må vere engasjert og positiv, samt vise initiativ

                                                                                                               

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Eit godt arbeidsmiljø der kommunen har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • God pensjonsordning.

 

Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over 

  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du – hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
  • Prøvetida di er på 6 månadar.
  • Det er krav om politiattest jf. Barnehagelova § 30.
  • Det blir lagt stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga

 

Ved intern tilsetting kan det bli ledig pedagogstilling i kommunen.

 

Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?

Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.

Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på! 

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

 

Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjartdal kommune Oppvekst og kultur orgnr: 975292568
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet.

Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.

Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i – og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.

Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal – på solsida av Gaustatoppen – er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.

I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!

Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted SAULAND (Adresse: Saulandsvegen 414 Postnr: 3692)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ca249fa-bace-43df-a7af-bf4b49832356
IMPORTAPI