Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar/assistent ved Strandvik barnehage

Vi søker deg som ønskjer å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga i Strandvik barnehage. Barnehagen har som satsing sosial kompetanse, og det mest grunnleggjande hos oss er at vi skal ha det godt saman. Arbeidet med dette gjennomsyrer dagane våre, og handlar om korleis vi er mot kvarandre og snakkar saman. Dette er sentralt i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.

Arbeidsstad
Strandvik barnehage er ein middels stor barnehage med lyse og luftige lokalar, plassert i hjarta av Strandvik. Rundt barnehagen finn ein skog, sjø, fjell, park, kyrkja, skule, idrettsbane og butikk. Utfordrande og flotte turområder for alle aldersgrupper.

Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. I 2023-2025 år er vi med i regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling, med mål om å bli ein teikn til tale barnehage.
Barnehagen har 7 tilsette og 22 barn.

 Arbeidsoppgåver
– Ta del i det praktiske og pedagogiske arbeidet i lag med personalet
– Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø
– Vere medansvarleg for å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning
– Bidra til eit godt språkleg miljø og vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men anna relevant erfaring vil også bli vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK.dir.  Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir 
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
–  Har gode omsorgsevner og er ein god relasjonsbyggar
–  Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
– Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
– Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
– Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
–  Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
–  Løn etter gjeldande avtalar
–  Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Kontaktperson
Irene Tveit e-post irtv@bjornafjorden.kommune.no   tlf 95994266

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage orgnr: 973469924
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8c4f54e1-3388-4bcd-b5bf-d493c93395ca
IMPORTAPI