Stillingsbeskrivelse

Published 17-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Vi har ledig fast avdelingsleiarstilling frå 08.01.2025.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 160 elevar og 22 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden kor det er lagt til rette for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda. 
Frå våren -25 vil ny veg legge til rette for ein raskare adkomst til E-39. Reisetid til Lagunen vil då vere om lag 9-10 min.

Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar for 5.-7.trinn med personalansvar.
Ansvar for vikar i samråd med avd.leiar for SFO.
Legge til rette for fysisk aktivitet for elevane.
Noko undervisning må påreknast.
Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor tilpassa opplæring, og som har god erfaring som kontaktlærar. 

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. 
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som:
– er ein tydeleg, engasjert og god rollemodell
– er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
– er framtidsretta innan digital undervisning
– er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
– har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
– har kjennskap til drift av skule
– er imøtekommande, har eit stabilt humør og er ein person med relasjonelt mot
– personlege eigenskapar blir vekta høgt

Skulen har særleg behov for kompetanse innan temabasert undervisning. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju fortløpande.

Vi tilbyr
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
– Løn etter gjeldande avtalar
– Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no – Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Lysekloster barneskule orgnr: 975282171
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted LYSEKLOSTER (Adresse: Edne 11 Postnr: 5215)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d4b52a14-0c11-4823-aa91-ef4b37b581ae
IMPORTAPI