Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst? – Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig 70 % vikariat som fagarbeidar/assistent frå no og ut februar 2025 med mogleg forlenging
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skulen er ein to parallell skule. Skuleåret 2024-25 har vi 265 elevar og om lag 35 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av enkeltelevar i gruppe, klasse og SFO
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkjarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir):
https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi søkjer etter medarbeidarar som:
– er løysingsorientert
– er fleksibel
– kan jobbe sjølvstendig
– har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til born og vaksne
– er ein tydeleg og engasjert rollemodell
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov.
Vi tilbyr
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
– Løn etter gjeldande avtalar
– Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO