Vil du vera med å skapa ein god barnehagedag for barna våre? – Tysnes kommune

Education Forskolelaerer

(2 dager siden)

  • ONARHEIM
  •  Lagt til dato: 18. september 2024
  •  Expire date: 30. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Vil du vera med å skapa ein god barnehagedag for barna våre?

I Tysnesbarnehagane har me ledig 100 % vikariat som barnehagelærar i Onarheim barnehage for barnehageåret 2024/2025. 

Me søkjer deg som er leiken, oppteken av den gode relasjonen til barna og som vil jobba for eit trygt og godt barnehagemiljø. Våre barn treng omsorgsfulle vaksne som vågar å bli glad i dei og som vågar å la barna sine interessar koma fyrst.

Tysnes kommune har tilsaman fire barnehagar, Stjernereiso, Lunde, Vågsmarka og Onarheim barnehage. Me samarbeidar godt på tvers av barnehagane og er opptekne av at barnehagen er barna sin arena. Her får dei får leike, lære, oppleve meistre, møte tilsette som er gode på samspel og får vere ein del av eit fellesskap. 

Som barnehagelærar hos oss, vil du få ansvar for pedagogisk aktivitet på avdeling, rettleiing og foreldresamarbeid i lag med styrar og resten av teamet på avdelinga.  Du vil bli ein del av eit kollegium som har høgt fokus på kvalitet og er oppteken av at tilbodet skal vera til det beste for barna.

Kva går stillinga ut på?

  • Bidra til å skape eit trygt og godt læringsmiljø for enkeltbarn og barnegruppa.
  • Delta aktivt i leik og aktivitetar med barn.
  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og vurdere pedagogisk arbeid i barnegruppa.
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til kunnskapsdeling med kollegaer.
  • Initiere og oppretthalde ett godt samarbeid med foreldre, kollegaer og leiar.
  • Rettleie kollegaer slik at de saman kan skape eit godt leike og læringsmiljø.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar.
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Meistre relevant dataverktøy.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Den som vert tilsett må levere gyldig politiattest, jf. barnehageloven § 30.

Kva ser me etter hos deg?

Me ønskjer oss at du:

  • evnar å ta barneperspektivet, legg til rette for og deltek i barn sin leik og utvikling
  • er involvert, verdset kunnskap og er reflektert
  • er nysgjerrig, ser moglegheiter og finn gode løysingar.
  • har evne til å motivere og inspirere sine kollegaer.
  • likar å vere ute, leika og være på tur med barn.
  • er positiv, engasjert og har gode samarbeidsevner.
  • at du kan setje retning og gjere det som er naudsynt for å skapa den endringa som trengs.

Kvifor skal du velje oss?

Høyres det gjevande ut å arbeida på ein plass med eit inspirerande og viktig samfunnsmandat? Kan du kjenna deg igjen i ordtaket vårt om: Glade vaksne, glade barn? Då trur me du vil trivas hos oss! Hos oss får du varierte arbeidsdagar, eit stort fagmiljø, høve til å vera med å utvikla barnehagen og tilbodet til barna.

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.

Dersom du synes dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.

 

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

 

Kontaktinformasjon

Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehage, +47 95 74 83 74

Arbeidsstad

5694 Onarheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tysnes kommune

Referansenr.: 4860192689
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tysnes kommune orgnr: 973942441
Kort om arbeidsgiver

Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!

Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.

Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.

Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.

Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.

Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.

Webside http://www.tysnes.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted ONARHEIM (Adresse: Postnr: 5694)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0bdd2831-346d-4e9a-9199-5ff984a1a8ad
IMPORTAPI