Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst? – Hjelmeland kommune Årdal skule
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(19 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 05-11-2024
Deadline: 17-11-2024
Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?
Har du lyst til å bety ein forskjell for born og unge? Vi treng deg på laget vårt!
Visjonen vår er: «Årdal skule – Trygt og godt, lærerikt og kjekt!»
Målet vårt er: «Aktive elevar som lærar gjennom praksis!»
Vil du vera med å realisera dette?
Årdal skule er ein 1.-7. skule med om lag 70 elevar.
Me ynskjer tydelege, engasjerte og motiverte vaksne som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane.
Ansvar og arbeidsoppgåver
– me søkjer etter ein fagarbeidar til arbeid i grunnskulen
– nært samarbeid med andre som arbeider på skulen
– oppfølging av elevar, både enkelt elevar og grupper, i og utanfor klasserommet
– tett samarbeid med føresette
– arbeidsoppgåver vert både i skule og i SFO
Kvalifikasjonar og vilkår
– fagbrev som barne og ungdomsarbeidar, helsefagarbeider, eller annan relevant utdanning for arbeid i grunnskulen
– erfaring eller kompetanse innan traumebevist omsorg og/eller tilknytningsvansker er positivt
– personar utan godkjent utdanning kan også søkje
– personleg eignetheit vil bli vektlagt
Me søkjer etter ein person som
– har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
– har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
– er tålmodig, varm, raus og med godt humør
– har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kan jobbe strukturert
– bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
– er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
– er løysingsorientert og fleksibel
– kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap
– har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg (minimum B2)
Me tilbyr
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
– gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
– rettleiing av nyutdanna
– fagleg kompetanseutvikling til alle tilsette
– ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
Anna
– målform i Hjelmeland kommune er nynorsk
Vilkår ved tilsetjing
I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf. opplæringslova §10-5. Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO