Stillingsbeskrivelse

Published 20-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Vil du vera med å gjera ein forskjell i barns oppvekst?

Har du lyst til å bety ein forskjell for born og unge? Vi treng deg på laget vårt!

Visjonen vår er: «Årdal skule – Trygt og godt, lærerikt og kjekt!»

Mottoet vårt er: «Aktive elevar som lærar gjennom praksis!»

Ansvar og arbeidsoppgåver
– oppfølging av barn med tilrettelegging
– tett samarbeid med dei andre tilsette 
– tett samarbeid med føresette
– samarbeid med interne og eksterne instansar

Kvalifikasjonar og vilkår 
– erfaring og eller kompetanse innan traumebevist omsorg er positivt
– ønska relevant kvalifikasjonar på bachelornivå med norsk språkkrav B2 
– personar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid eller helsefag kan og søkje
– gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Ønskeleg med minimum B2

Me søkjer etter ein person som
– har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
– har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der eleven er i fokus
– har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kan jobbe strukturert
– er fleksibel, løysnings og utviklingsorientert
– kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap
– er tålmodig, varm, raus og med godt humør

Me tilbyr
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
– gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
– fagleg kompetanseutvikling for alle tilsette
– eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod i kommunen

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjelmeland kommune Årdal skule orgnr: 975275418
Kort om arbeidsgiver Årdal skule er ein fådelt skule for 1.-7.trinn, og ligg fint til i naturskjønne Årdal i Ryfylke.
Me har flott leikeområde der me fekk nye leikeaparat i påsken 2021, årsskiftet 22/23 fekk me heilt ny kunstgrasbane med internasjonal standar, ballbinge og ellers stort område til leik ute.
Skulen har også eigen frukthage og skulekjøkkenhage. Me vil ta vare på ungane både sosialt, psykisk og fagleg. Me skal gjera vårt for at kvar einaste elev ved Årdal skule får utnytta sitt potensiale fullt ut.

Visjonen vår er «Årdal skule: Trygt og Godt, Lærerikt og Kjekt»
Målet vårt er «Aktive elevar som lærar gjennom praksis!»

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted ÅRDAL I RYFYLKE (Adresse: Melevegen 125 Postnr: 4137)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0e15c369-b0a6-4f6e-ab1f-c0962063a69a
IMPORTAPI