Vil du ta ekstravakter som brannkonstabel – Bjørnafjorden kommune IT-avdelinga

Carpenters Elektriker elektro

(4 uker siden)

  • OS
  •  Lagt til dato: 29. oktober 2024
  •  Expire date: 28. februar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 29-10-2024
Deadline: 28-02-2025

 

Vil du ta ekstravakter som brannkonstabel

Er du over gjennomsnittet interessert i IT? Og er du kanskje allereie IT-hjelp på heimebane?

Hos oss får du jobba med mange spennande oppgåver innan brukerstøtte, systemforvaltning og infrastruktur. Underveis i lærlingperioden vil du få inngåande kunnskap i korleis IT-system i store organisasjoner heng saman og driftast.

Vi har ledig ein lærlingeplass frå hausten 2025. 

Arbeidsstad
Bjørnafjorden kommune er i vekst, og har fleire tusen tilsette, og elevar fordelt på 80 lokasjonar spreidde utover eit stort geografisk område. IT-avdelinga har kontor både på Os og i Eikelandsosen.

Stillinga inngår i IT-avdelinga (om lag 9 årsverk medrekna lærlinger) som er kommunen sin driftsleverandør av IT-løysingar.

Arbeidsoppgåver

  • Systemforvaltning, drift av serverar, klientmiljø, brukarstøtte, databasar og diverse infrastruktur.
  • Du vil arbeida tett med heile organisasjonen for å levere gode IT-løysingar til tilsette og innbyggarar.

Kvalifikasjonar 

  • Du har fullført og bestått VG2 Informasjonsteknologi.
  • Framandspråklege søkarar må dokumentera gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg.

Eigenskaper

  • Du er interessert i menneske og teknikk
  • Du kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du kan yte god service
  • Du kan planlegge og grunngje val av arbeidsmetodar
  • Du kan gjennomføre fagleg arbeid
  • Du kan dokumentere og vurdere eige arbeid
  • Vi legg vekt på dine personlege eigenskapar

 Vi tilbyr

  • Utfordringar og moglegheit for fagleg utvikling
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Fleksitid
  • Godt arbeidsmiljø
  • God oppfølging og fagleg rettleiing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtale
  • Eigne samlinger for lærlinger

Som tilsett i Bjørnafjorden kommune må du kunna identifisera deg med verdiane våre; Vi lyttar med respekt, vi finn smarte løysingar, vi gjer det vi seier og vi er inkluderande. Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune IT-avdelinga orgnr:
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Håndverkere
Yrke Elektriker/elektro
Sted OS (Adresse: Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2c8e8fc8-4549-45a5-900d-f4fddd54a359
IMPORTAPI