Vil du støtte og vidareutvikle den digitale infrastrukturen til kommunen? – Bjørnafjorden kommune IT-avdelinga

IT Utvikling

(15 timer siden)

  • OS
  •  Lagt til dato: 17. desember 2024
  •  Expire date: 17. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 17-01-2025

 

Vil du støtte og vidareutvikle den digitale infrastrukturen til kommunen?

Vi har ledig fast 100% stilling som IT-konsulent.
Som IT-konsulent i Bjørnafjorden kommune vil du ha ei sentral rolle i å støtte og vidareutvikle den digitale infrastrukturen til kommunen. Vi ser etter ein dyktig og engasjert person som trivst med å handtere driftsoppgåver, samtidig som du kan bidra til utvikling og digitalisering, Microsoft 365 er godt implementert i organisasjonen og skal utviklast vidare i framtida. 

IT er organisert i Stab og støtte under Kommunedirektøren, og er ein del av HR-avdelinga. Vi er per i dag sju tilsette, IT avdelinga er involvert i drift, digitaliseringsprosjekt og kontinuerleg utviklingsarbeid, samarbeider tett med  heile organisasjonen og leverer tenester til 100 ulike lokasjonar

 Arbeidsstad
Arbeidsstad vil vere rådhuset på Osøyro, kun nokre minuttars køyring frå Bergen.

 Arbeidsoppgåver

  • Driftsoppgåver, brukarstøtte og vedlikehald av IT-system, nettverk, Microsoft 365 og klientdrift
  • Delta i planlegging, implementering og oppgradering av infrastruktur
  • IT-sikkerheit
  • Samarbeid med ulike avdelingar for å identifisere, forbetre og implementere digitale løysingar
  • Dokumentasjon og internkontroll

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan IT, minimum fagbrev
  • God erfaring med IT-drift og vedlikehald av system. Erfaring frå kommunal sektor ein fordel
  • Kunnskap om digitale plattformar, nettverk og tryggleik
  • Evne til å forstå og balansere behova for både driftsoppgåver og digital utvikling
  • Førarkort klasse B

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og proaktiv
  • Nysgjerrig og interessert i ny teknologi
  • Sterke analytiske ferdigheiter og evne til problemløysing
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og effektivt
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Open og utadvent

 Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune IT-avdelinga orgnr: 874544922
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted OS (Adresse: Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/32bdcc40-19d4-416c-b7e4-002571c277d4
IMPORTAPI