Vil du leie og utvikle heile Setesdal si lokalavis? – Setesdølen

Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting

(22 timer siden)

  • BYGLAND
  •  Lagt til dato: 10. desember 2024
  •  Expire date: 11. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-12-2024
Deadline: 01-01-1970

 

Vil du leie og utvikle heile Setesdal si lokalavis?

Setesdølen står i eit historisk skifte, og me søkjer ein handlekraftig leiar til å setje tydeleg retning og gjere avisa berekraftig digitalt. Er det deg?

Setesdølen er lokalavisa for Evje, Hornnes, Bygland, Valle, Bykle og Åseral. Avisa skal vere nyheitsleiande på hendingar, kultur og sport og gjere Setesdal til ein betre stad å leve og bu. Me tek folket på alvor!

Den nye redaktøren vil ha ansvar for å byggje vidare på det solide grunnlaget dagens eigarar har utvikla gjennom mange år. Me skal vere ei nyskapande og framtidsretta avis som speglar mangfaldet i Setesdal. Som lokalavis har me vekstambisjonar og skal spesielt auke talet på digitale abonnentar. Samtidig skal avisa over på nye teknologiplattformer. For å nå vekstmåla vil Setesdølen dra nytte av Polaris Media sin kompetanse og ressursar.

Vår nye ansvarlege redaktør må stå støtt i krevjande redaksjonelle avgjerder og syte for at Setesdølen er først med det siste. Du må vere oppglødd for lokaljournalistikken og vere motivert for å føre Setesdølen gjennom digital transformasjon.

Me søkjer ein dyktig redaksjonell leiar som kan balansere den digitale utviklinga til avisa med ei sterk lokal forankring. Som redaktør må du vere førebudd på ein variert arbeidsdag der du sjølv deltek aktivt i redaksjonell produksjon og dagleg drift. Og i Setesdølen skriv me sjølvsagt på nynorsk!

Dette er ei rolle der du kan lykkast utan mykje leiarerfaring, men du må ha vilje til å leie og ta ansvar, også kommersielt.  Du må vere aktivt søkjande etter og utforske moglegheitene som finst for utvikling når avisa frå årsskiftet blir ein del av mediekonsernet Polaris Media.

​Vår ambisjon er å bidra til ein brei samfunnsdebatt, og me ønskjer at arbeidsstyrken vår skal spegle samfunnet me lever i. Me fokuserer på kvalifikasjonskrava og er opptekne av ditt engasjement for stillinga.

Interessert i å vite meir?
Ta ein prat med rådgjevarane våre i FRAM! Styreleiar Håvard Kvalheim er også tilgjengeleg ved behov (tlf. 957 21 264)

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Setesdølen orgnr:
Kort om arbeidsgiver Setesdølen er ei partipolitisk uavhengig lokalavis for Setesdal som har kontor i Bygland. Avisa kjem ut på papir to dagar i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Setesdølen dekkjer dei fem kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, Bykle og Åseral. Avisa har eit opplag på omlag 3700.

Polaris Media vil frå og med januar ta over som eigarar av lokalavisa. Setesdølen vil bli ein del av Polaris Media Sør, ein medieregion som dekkjer Agder og Telemark og består av dei regionale mediehusa Fædrelandsvennen, Agderposten og Varden, samt lokalavisene Lister, Lindesnes, Grimstad Adressetidende, Lillesands-posten og Vennesla Tidende. Noverande redaktør i Setesdølen, Sigurd Haugsgjerd, går snart av med pensjon etter 49 år i stillinga, og mediehuset treng derfor ein ny leiar.

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted BYGLAND (Adresse: Prestlidi 4 Postnr: 4745)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-01-1970


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f12e95db-8e77-4e2b-ade9-67297254d9af
IMPORTAPI