Stillingsbeskrivelse

Published 25-12-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Vil du jobbe med implementering av forvaltning-drift-vedlikehald system? 

På avdelinga for infrastruktur og veg tek vi vare på fylkeskommunene sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi har ein arbeidskvardag med mange spennande oppgåver innan planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer. Målet vårt er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. Innanfor avdeling for vedlikehald, drift og beredskap ligg ansvaret for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Dette omfattar inspeksjon, planlegging av tiltak, fylgje opp entreprenørar på drift, elektro og vedlikehaldstiltak og fylgje opp økonomi innan tildelte midlar. Avdelinga har eit beredskapsansvar der ein vurderer og set i gang tiltak for å sikre trygge vegar ved uvær, skred eller flaum.

Hjå vedlikehald, drift og beredskap ser me no etter ein kollega som vil jobbe med det overordna ansvaret foimplementering av forvaltning-drift-vedlikehald (FDV) system på avdelinga, inkludert opplæring av alle brukarar av systemet.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe strategisk med bruk av og utvikling av FDV systemet og porteføljestyring av vedlikehalds- og oppgraderingstiltak.
  • Legge til rette for at data, dokumentasjon, tilstands- og avviksregistreringar i FDV-systemet vert brukt til å utarbeide langsiktige vedlikehalds- og oppgraderingsplanar.  
  • Koordinere arbeidet med andre seksjonar og avdelingar.
  • Legge til rette for at FDV systemet blir nytta til å effektivisere arbeidsprosessar for drift og vedlikehald, og samkøyre behov og prosjekt for å få effektiv gjennomføring.
  • Legge til rette for at datagrunnlag og dokumentasjon i FDV-systemet vert brukt som grunnlag for utlysing og oppfølging av drifts- og vedlikehaldskontraktar.  
  • Vere aktiv part inn i arbeidet med framtidig FDV system
  • Kople saman bruk av FDV system og JIRA (JIRA er eit porteføljestyringssystem for innmelding av behov, prioritering, planlegging og gjennomføring av tiltak).   
  • Utarbeide prosedyrar for bruk av FDV-system, som skal lagrast i kvalitetssystemet.
  • Støtte avdelingsleiar med ulike oppgåver som blir pålagt.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
  • Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå FDV system
  • Erfaring med vegdrift.
  • Gode kunnskapar i bruk av relevante  IKT- verktøy. 

Personlege eigenskapar

  • Du forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit prosjekt
  • Evne til å samarbeide på tvers av organisasjon
  • Gode personlege eigenskapar som kommunikasjon- og samarbeid vil bli vektlagt
  • Sjølvstendigheit og fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Kontaktinformasjon

Eivind Yttri, Avdelingsleiar, 90830854

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4888654169
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver INV – Vedlikehald, drift og beredskap, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://www.vestlandfylke.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Juridisk arbeid
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cae0fbdc-8e5d-452a-8198-7aa8cc3615de
IMPORTAPI