Stillingsbeskrivelse

Published 03-12-2024
Deadline: 17-12-2025

 

Vil du jobbe med i eit inkluderande læringsfellesskap? Søk jobb hjå oss!

Me søker:

Lærar Ølen skule grunna svangerskapspermisjonar. 

Inntil 75% vikariat og 25% fast . Tiltreding snarast. Vikariatet går ut 31.12.2025 med mogleg forlenga til fast stilling. 

Hovudarbeidsoppgåver:

Arbeidet er knytt til oppfølging/undervisning av elevar på ungdomstrinnet. 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning
  • Personar med relevant kompetanse/erfaring kan søke på stillinga (stillinga blir då mellombels)
  • Utdanning innan spesialpedagogikk og engelsk er ønska
  • Undervise i valfag og faget Utdanningsval på ungdomstrinnet
  • Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar
  • Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn
  • Mogleg kontaktlæraransvar 

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
  • Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår
  • Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • Opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 330 elevar
  • Velkomstklasse for heile Vindafjordskulen er på Ølen skule
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Ølen skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Ølen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 280 elevar. Skulen ligg i Ølen sentrum og kan tilby deg jobb i eit engasjert, inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ølen skule arbeidar for god trivsel og for å utvikla eit godt, trygt og systematisk læringsmiljø. Skulen legg vekt på tilpassa opplæring og tidleg innsats. Arbeid med fagfornyinga har fokus i tida framover. Skulen har elevar frå fleire nasjonar, og har fokus på at dei skal vera ein naturleg del av elevflokken. Vindafjord sin velkomstklasse for nye elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er lagt til Ølen skule.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ØLEN (Adresse: Litlehagen 15 Postnr: 5580)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-12-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e41d4aee-d3f8-4d53-9d26-52fe6dcfa58f
IMPORTAPI