Stillingsbeskrivelse

Published 25-06-2024
Deadline: 25-08-2024

 

Vil du jobbe med å ta vare på laks, sjøaure og sjørøye?

Om stillinga

Dei ville bestandane av laks, sjøaure og sjørøye er under sterkt press frå eit komplekst trugsmålsbilete. Er du oppteke av forvalting av anadrom laksefisk, og har lyst til å jobbe med å ta vare på og utvikle desse bestandane? Vi søkjer nå ein kunnskapsrik, grundig og resultatorientert  medarbeidar til eit vikariat på eit år som kan styrkje innsatsen vår på dette området. 

Vi ser primært etter personar med interesse, kompetanse og relevant arbeidserfaring innan fiske- og ferskvassøkologi, og gjerne innan anadrom laksefisk. Du vil også arbeide mot eksterne som Statsforvaltar, kommunar, interesseorganisasjonar og enkeltpersonar, og dessutan andre sektorstyresmakter og næringar.

Fiskeseksjonen er ein av fem seksjonar i vass- og kunnskapsavdelinga. Vi har ansvaret for forvaltning av laks, sjøaure og sjørøye og innlandsfisk etter lakse- og innlandsfiskelova og naturmangfaldlova, og for å følgje opp naturforvaltningsvilkåra i regulerte vassdrag etter vassdragslovgjevinga. Vi jobbar òg med å følgje opp vassforskrifta og  revisjons- og konsesjonssaker i regulerte vassdrag. Videre hentar vi inn kunnskap, regulerer fiske, driver genbank, gjennomfører tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og framande artar og med problemstillingar knytt til vill laksefisk versus påverknader frå fiskeoppdrett. 

Seksjonen har 16 medarbeidarar, med arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • saksbehandling særleg innan kultivering, regulering av fiske og framande artar 
  • utviklinga av regelverk og digitale saksbehandlingsverktøy 
  • anna relevant arbeid innan arbeidsområda til seksjonen, eks utvikling og drift av lakseregisteret  

Oppgåver knytt til vassforskrifta/forvaltning av regulerte vassdrag og Tana kan også vere aktuelle. Oppgåveportefølje kan tilpassast noko, avhengig av bakgrunn og interesser, men det vil inngå saksbehandling/ styresmakts utøving. 

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • mastergrad i biologi, naturforvaltning, eller anna relevant naturfagleg utdanning på mastergradsnivå, gjerne med tyngdepunkt innan akvatisk økologi, fortrinnsvis hovudvekt på anadrom fisk. 
  • kunnskap om anadrom laksefisk og trusselfaktorar 
  • kjennskap til forvaltning av anadrom laksefisk er sterkt ønskeleg 
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning eller relevante organisasjonar 

Eigenskapar

  • Du er resultatorientert og trivst med å arbeide konkret og tiltaksretta. 
  • Du har gode samarbeidseigenskapar, og er ein god relasjonsbyggar. 
  • Du kommuniserer tydeleg, har god rolleforståing, og kan representere Miljødirektoratet på ein god måte. 
  • Du toler å arbeide på eit delvis konfliktfylt fagområde, med ein uføreseieleg arbeidskvardag med høgt arbeidspress. 
  • Du kan arbeide sjølvstendig.. 

Vi kjem til å legge vekt på korleis du som person vil passe til stillinga.

Vi tilbyr

  • eit eitårs vikariat som rådgivar/seniorrådgivar, med lønn frå kr. 548 600  til kr. 821 100 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkar kan vurderast noko høgare. 
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde gode høve for fagleg og personleg utvikling 
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida 
  • fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse 

Har du spørsmål?

Kontaktpersonar for stillinga er seksjonsleiar Raoul Bierach på telefon 92 24 34 18, eller e-post raoul.bierach@miljodir.no og fagdirektør Helge Axel Dyrendal på telefon 41 59 33 99 eller e-post helge.axel.dyrendal@miljodir.no

Oppgi referansenummer 57-2024 VFI om du tek kontakt.

Generelle opplysningar

Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.

Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din. 

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.

Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Miljødirektoratet orgnr: 974751550
Kort om arbeidsgiver Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. 

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet. 

Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.

Webside http://www.miljodirektoratet.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted TRONDHEIM (Adresse: Brattørkaia 15 Postnr: 7010)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/00aba16e-995f-4da3-9529-c8da4e11fcb1
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265179