Vil du jobbe med å knyte Noreg saman? – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS
Transport og lager Sjofart(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 26-11-2024
Vil du jobbe med å knyte Noreg saman?
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil ha ein variert arbeidskvardag, med spanande/ferdigheitsutviklande arbeid.
- Fleksibel skiftordning: Døgnskift – 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges ledande ferjerederi!
Som følgje av døgnsikft, bør ein ikkje bu lenger enn ca 1 time fra avløysningsstad.
Oppstart fortløpande!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar, og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM-koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- M3 eller M4 med fullført skule og 6 mnd fartstid etter utstedelse av sertifikatet
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi leter etter en dyktig og erfaren maskinsjef som kan sikre driftssikkerhet, vedlikehold og effektivitet om bord. Personen må ha gode lederegenskaper, teknisk innsikt og evne til å arbeide i et teammiljø.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det norske Maskinistforbund
- Skiftordning: Døgnskift – 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Emilie Grube Gjelseth, Bemanningskoordinator, +47 92205373, emilie.gjelseth@fjord1.no
Arbeidsstad
Nordfjordvegen 6003
6777 Stårheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4884147424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet. |
Webside | http://www.fjord1.no |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Sjøfart |
Sted | STÅRHEIM (Adresse: Nordfjordvegen 6003 Postnr: 6777) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-11-2024 |