Vil du jobba som helsefagarbeidar ved Voss sjukeheim? – Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga
Health and social care Helsefagarbeider(1 måned siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 31-10-2024
Deadline: 29-12-2024
Vil du jobba som helsefagarbeidar ved Voss sjukeheim?
Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden
Om arbeidsstaden
Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen. Avdelinga med ledige stillinger er ei langtidseining med 35 bebuarar delt på 3. og 4. etasje. Fast stilling er i turnus med vakter på dag, kveld og 3. kvar helg. Alternativt kan ein jobbe turnus med langvakter 4. kvar helg.
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- årstrunus som gjev deg ei føreseieleg arbeidstid
Kvalifikasjonar
- Autorisert hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon som er fagleg dyktig
- Gjerne med vidareutdanning innan akutt, geriatri, palliasjon eller anna relevant utdanning
- Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som
- Er god på samarbeid med fleire yrkesgrupper
- Er fleksibel og ynskjer og ta ansvar
- Me jobbar etter årsturnusprinsippet som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar
Arbeidsoppgåver
- Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av bebuarar i sjukeheim med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i det daglege
- Utføre arbeidsoppgåver i tråd med rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
- Medansvarleg for å laga, oppdatere og følge opp tiltaksplanar i Gerica
- Ta ansvar som primærkontakt etter prosedyre
- Medansvar for avgjersler som blir tatt når det gjelder korleis vi skal ha det i avdelingane, til dømes rutinar, internopplæring, bruk av hjelpemidlar og lignande
- Ansvarleg for å holde seg fagleg oppdatert
- Opplæringsansvar for lærlingar, elevar og andre som har praksis i avdelinga
- Medansvar for et godt og inkluderande arbeidsmiljø i avdelinga.
- Delta på dei kurs, møtar, undervisningsopplegg og lignende som har relevans for arbeidsområdet og ellers søka å utvida sine kunnskapar
- Vere ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
Det er krav om politiattest ved tilsetjing
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO