Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: Snarest

 

Vil du ha sommarjobb med bonusordning? Lom treng fleire vikarar innan helse, sommaren 2025.

Kunne du tenke deg ein viktig og spennande jobb for sommaren 2025? Ein jobb saman med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø, og som har bonusordning og gode arbeidsvilkår?

Hva vi ser etter

Er du sjukepleiar eller vernepleiar? Eller helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar? Eller kanskje du er student innan helsefag eller innan pedagogisk utdanning? Er du elev på vidaregåande eller ufaglært?

Då er du hjarteleg velkomen til å søkje som ferievikar hjå oss i Lom kommune.

Det er eit krav at søkjar har førarkort klasse B for arbeid i heimesjukepleia, heimehjelpa, dagsenter og tilrettelagte tenester.

Personleg eignaheit er vektlagt

Søknadsfrist: Fortløpande

I søknaden må du skrive kva for arbeidsplass du ynskjer å vere ferievikar og kva for veker du ynskjer å jobbe.

Arbeidsoppgaver

Tenesteområdet helse og meistring treng ferievikarar sommaren 2025 i ulike avdelingar:

  • Institusjon

  • Heimesjukepleie

  • Tilrettelagte tenester

  • Kjøken

  • Heimehjelp

  • Dagsenter

Arbeidsperioda gjeld hovudsakleg frå veke 26 til og med veke 33 i 2025.

Vi tilbyr

  • Ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår

  • Opplæring og moglegheit for allsidig erfaring

  • Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

  • Høgt fagleg nivå på tenestene

  • Dyktige og engasjerte kollegaer

  • Du får moglegheit til å arbeide på ein arbeidsplass i stadig utvikling

  • Lom kommune har ei bonusordning for gjennomført sommervikariat.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lom Kommune Pleie- Og Omsorgstenesta orgnr: 976641299
Kort om arbeidsgiver

Lom kommune ligg midt i smørauga av Jotunheimen. Jakt, fiske, fjell, natur og frisk luft ligg rett ved dørstokken når du bur og arbeider i Lom. Kommunen ligg omlag 17 mil frå Lillehammer, 28 mil frå Trondheim og 35 mil frå Oslo. Ta kontakt dersom du ynskjer å jobbe hjå oss, men ikkje har bustad her.

Webside https://www.lom.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted LOM (Adresse: Postnr: 2686)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 15
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0a91fcc7-8d60-421c-b856-5306a751a245
Stillingsregistrering