Stillingsbeskrivelse

Published 13-01-2025
Deadline: 14-02-2025

Vil du ha mogelegheit til å jobbe i verdas største vesle bygd?

Velkommen til mangfaldige Geiranger. Kanskje verda si største bygd på sommartid, men også ei lita, roleg og koseleg bygd på vinterstid. Midt i smørauget i sentrum av Geiranger ligg skulen. Nærmiljøet rundt skulen, som også blir nytta i samanheng med undervisning, er ulikt noko anna, med bratte fjell som kransar rundt bygda og den unike Geirangerfjorden. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med eit rikt elevmangfald. Barnetrinnet er todelt og ungdomstrinnet er udelt. Som lærar ved Geiranger skule har du ei unik mogelegheit til å skaffe deg erfaringar få andre skular kan tilby. Saman med eit sosialt og fagleg sterkt kollegium, Fjordsenter, verdsarvstiftinga, internasjonale samarbeid og andre lokale aktørar har du fleire ressursar til å utvikle, tilpasse og utføre undervisninga di. Sjølve skulen er samlokalisert med barnehage, skulebibliotek og SFO. 

Frå og med 31.03.2025 har Geiranger skule ledig:

  • 2 undervisningsstillingar i 100% fast tilsetting.

Oppstart 1. april 2025, eller etter avtale.

Rekrutteringstiltak: Kvalifiserte søkjarar får tilbod om garantilønn med årsløn tilsvarande 10 års ansiennitet (tilleggsansiennitet). Det blir også gitt tilbod om inntil eitt år dekka bustad mot tilsvarande bindingstid til arbeidsplassen.

Vitnemål og attestar leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar vert varsla om dette blir gjort, jf Offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i småskulen og mellomtrinnet
  • Kontaktlærar med ansvar for klasse- og gruppeleiing
  • Kartlegging og vurdering av læring
  • Undervisningsplanlegging og oppfølging av elevar
  • Oppretthalde eit godt skule/heim samarbeid
  • Fagleg og sosial kompetanseheving saman med kollegiet

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskar primært søkjarar med godkjend pedagogisk utdanning som grunnskulelærar 1-7 eller 5-10
  • Det er ønskeleg at du har fagkompetanse innanfor eitt eller fleire av faga norsk, matte, samfunnsfag og engelsk
  • Søkjarar med annan relevant bakgrunn kan også vere aktuell for midlertidig tilsetjing
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og god klasseleiar som er oppteken av eit godt skule- og klassemiljø
  • Du kan arbeide fleksibelt både sjølvstendig og saman med andre
  • Du samarbeider godt i eit felles fagleg og sosialt miljø
  • Du likar utfordringar og er med på å utvikle arbeidsplassen
  • Du kan å oppretthalde gode relasjonar til både elevar, kollegium og føresette

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med fokus på utvikling og kompetanseheving
  • Gode arbeidsforhold i unike omgjevnader
  • Høve til å vere med å påverke eigen arbeidskvardag
  • Oppfølging i arbeidskvardagen
  • Mogelegheit for kunnskapsutvikling og vidareutdanning
  • Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Hjelp til å ordne bustad i nærmiljøet

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i SPK får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter. Les meir her:Offentleg tenestepensjon

Kontaktinformasjon

Joachim Fiskarstrand Røbekk, Einingsleiar, +47 46411179, 88joarob@stranda.kommune.no

Arbeidsstad

Maråkvegen 54
6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4903901245
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 14.02.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Geiranger skule og barnehage, Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted GEIRANGER (Adresse: Maråkvegen 54 Postnr: 6216)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 14-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/74f6837b-8d19-496f-9f05-cb2d8ec697b7
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31