Stillingsbeskrivelse
Published 20-05-2024
Deadline: 31-12-2024
Vil du gjere ein forskjell?
Har du lyst på en spanande jobb som kan gjere kvardagen betre for andre?
Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter!
Støtte- og treningskontakttenenesta har alltid behov for fleire kontaktar til oppdrag med ulikt omfang.
Vi søker deg som til dømes er student, uføretrygda, pensjonist eller deg som er i jobb.
Som støtte- og treningskontakt bidrar du til at menneskje med behov for bistand får ei meir aktiv og meiningsfull fritid.
Våre tenestemottakarar er barn, ungdom, vaksne og eldre med ulike interesser og ulike behov for tilrettelegging. Vi har derfor behov for fritidskontakter av begge kjønn, i ulik alder og med ulike interesser.
Eit oppdrag er gjennomsnittleg 2-3 timer per veke.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at tenestemottakar får moglegheit til ei meir aktiv og meiningsfull fritid ved å delta på ulike kultur- og fritidsaktivitetar som gåturar, kafébesøk, symjebassenget, kulturaktivitetar eller ved å ha støttesamtalar. Motivere og leggje til rette for deltaking saman med andre. Motivere til å utforske nye aktivitetar i trygge rammer
Det er viktig at du kan utføre oppdrag over lengre tid, minimum 6 mnd.
Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stilt krav til formell utdanning. Personleg eignaheit og erfaring vektleggast.
- Du har fylt 18 år
- Det er ynskjeleg men ikkje eit krav om at du har førarkort og disponerer bil
- Det er viktig at du er påliteleg og held avtaler
- Du er aktiv, engasjert og god til å bygge relasjonar
- Gode norskkunnskapar, særleg munnleg
- Politiattest må framvisast ved eventuelt tilbod om oppdrag
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og romslegheit for andre menneske
- Du er fleksibel
- Du er trygg på deg sjølv og kan sette grenser
- Du er positiv og flink til å motivere andre
Vi tilbyr
- Eit meiningsfullt og gjevande oppdrag kor du får moglegheita til å gjere ein forskjell for andre
- Godtgjersle etter KS sine satsar
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO