Vil du bli vår nye matros? – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS

Kultur og kreative yrker Sport og idrett

(1 dag siden)

  • EIDSDAL
  •  Lagt til dato: 16. desember 2024
  •  Expire date: 30. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 16-12-2024
Deadline: 30-12-2024

 

Vil du bli vår nye matros?

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledige stillinger som matros i sambandet Stranda – Liabygda, p.t trafikkert av vår nye og flotte EL-ferge MF Sunnylvsfjord.

Skiftordning med 4 skift om bord – døgnvakt: 2 veker på, og 2 veker av. Oppstart så snart som mogleg!

Du er din eigen ferievikar om sommeren, og går en periode 3:3.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
  • God til å kommunisere
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
  • Døgnvakt, 2 veker på og 2 veker av
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 47904789, solveig.bjornvold@fjord1.no

Arbeidsstad

 Stranda Municipality

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4897865233
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Sport og idrett
Sted EIDSDAL (Adresse: Postnr: 6215)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6295d110-a284-4004-8806-840f779f63ba
IMPORTAPI