Stillingsbeskrivelse

Published 10-11-2024
Deadline: 29-11-2024

 

Vil du bli vår nye kommunikasjonsrådgivar?

Bufdir søkjer ein strategisk og initiativrik kommunikasjonsrådgivar til kommunikasjonsstaben vår! Vi ser etter deg som vil spele ei sentral rolle i å utvikle og gjennomføre kommunikasjonsplanar og -tiltak som støttar Bufdir sine mål og oppgåver. Har du i tillegg erfaring med pressehandtering, kan dette vere stillinga for deg. 

I jobben kjem du til å lage innhald og bodskap til både eksterne og interne målgrupper. Vi ser etter deg som tek initiativ til å løyse kommunikasjonsutfordringar, og som søkjer samarbeid med både kollegaer i kommunikasjonsstaben og andre i direktoratet.  

I kommunikasjonsstaben ventar 15 dyktige og hyggjelege kollegaer med engasjement for Bufdir sitt viktige samfunnsoppdrag: Å bidra til ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår og trygge familiar i eit inkluderande og likestilt samfunn. Saman har vi ansvar for Bufdir sin verksemdskommunikasjon eksternt og internt. Det inkluderer mellom anna bufdir.no, sosiale medium, arrangement, dei interne kommunikasjonskanalane våre og pressehandtering. 

Kva får du jobbe med hos oss?

  • Hjelpe fagmiljøa og leiarane med å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar 
  • Handtere førespurnader frå pressa og utvikle eigne saker i samarbeid med fagfolk og leiarar 
  • Utvikle innhald til ulike kanalar  
  • Gje råd og hjelpe fagavdelingar med konferansar og webinar 
  • Bidra til god samanheng mellom ekstern og intern kommunikasjon 
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av kommunikasjonsarbeidet og -strategiane i Bufdir ved å følgje med på trendar i og utvikling av kommunikasjonsfaget og media 

Kva slags bakgrunn har du?

  • Du har høgare relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant arbeidserfaring kan kompensere noko for utdanningskravet. 
  • Du har minimum tre års erfaring med kommunikasjonsoppgåver, inkludert presse, og har interesse for å jobbe i ei stor og kompleks verksemd. 
  • Du ser moglegheitene i ulike kommunikasjonskanalar og har kompetanse til å jobbe i ulike digitale kanalar. 
  • Du har ei strukturert tilnærming til kommunikasjon og evna til å tilpasse bodskap til ulike målgrupper. 
  • Du kommuniserer godt både skriftleg og munnleg, med svært gode norskkunnskapar. Du er også trygg i engelsk. 

Eigenskapar for å trivast og lykkast i stillinga:

Du er proaktiv – det vil seie at du ikkje berre ser moglegheiter og utfordringar, men også tek initiativ til å gjere noko med dei. Du involverer andre i arbeidet ditt og deler kunnskapen din aktivt. Du er komfortabel med å ha mykje kontakt med andre menneske, både internt i organisasjonen og eksternt. Du jobbar systematisk og har stor evne til å gjennomføre, samtidig som du forstår kor viktig det er med forankring og kvalitetssikring i prosessane.

Kva kan vi tilby deg?

Vi tilbyr eit godt fagleg kommunikasjonsmiljø med varierte oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Stillinga er fast, enten som rådgivar eller seniorrådgivar, med ei årslønn på mellom kr 550 000 og 760 000 brutto. Lønn og stillingskode blir fastsett basert på ei heilskapleg vurdering av blant anna dine kvalifikasjonar.

Du vil ha fleksitid, sommartid og moglegheit til å trene i arbeidstida. I tillegg får du medlemskap i Statens pensjonskasse (jf. Lov om Statens pensjonskasse), som gir ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, og dessutan yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Informasjon til deg som søkjer

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar i ei gruppe, kallar vi inn minst ein av dei til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut dei rette kandidatane bruker vi ikkje avkryssinga til noko anna enn anonymisert statistikk. 

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. 

Du sender søknad med CV elektronisk via link på denne sida. 

Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og varigheit skal lastast opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, og du skal også ta dei med om du kjem på eit intervju. 

Du vel sjølv om du vil bruke bokmål eller nynorsk når du søkjer.  

Kontaktinformasjon

Trine Synøve Lie Larsen, Avdelingsdirektør, 45025633, trinesynovelie.larsen@bufdir.no

Arbeidssted

Fredrik Selmers vei 3
0663 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufdir

Referansenr.: 4883008284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stab for kommunikasjon, Bufdir orgnr:
Kort om arbeidsgiver En god barndom varer livet ut! Bufdir har kanskje landets viktigste samfunnsoppdrag: Vi vil gi barn og unge en best mulig oppvekst. Derfor jobber vi med barn, ungdom og familier, og vi tilbyr både barnevernstjenester og familieverntjenester på vegne av staten.

Vi jobber med likestilling og ikke-diskriminering og utjevning av levekårsforskjeller slik at alle skal kunne få de samme mulighetene til å delta i samfunnet uavhengig av blant annet alder, kjønnsidentitet, seksuell identitet eller funksjonsnivå. Vi gjør mye, og framover vil vi gjøre enda mer. Derfor trenger vi fler på laget – vil du være med? Les mer om oss på bufdir.no.

Webside http://bufdir.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk, kommunikasjon og litteratur
Sted OSLO (Adresse: Fredrik Selmers vei 3 Postnr: 0663)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6ce6e519-91ef-4a42-832c-9cfee731f312
IMPORTAPI