Vil du bli vår nye dagmann/lettmatros? – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS
Transport og lager Sjofart(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-12-2024
Deadline: 03-01-2025
Vil du bli vår nye dagmann/lettmatros?
Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mestattraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Kunne du tenke deg å bli matros i Fjord1? Da er dette stillingen for deg!
Vikariat i perioden 15.01.2025 – 31.10.2025!
Fjord1 har ledig opplæringsstilling som dagmann i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, pt. MF Julsund. MF Julsund blei bygd i 2004, men blei i 2019/2020 oppgradert og ombygd til hybrid der batteri er primær-energikjelde for framdriftssystemet.
I denne stillinga har kandidatar uten kvalifikasjoner mogelegheiten til å komme inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros. Har du lite eller ingen erfaring, vil du kunne starte som dagmann og vidare bli lettmatros. Dette er ein fysisk krevande stilling, så ein må like å være i aktivitet.
Har du kvalifikasjonar til det, kan du starte som lettmatros og vidare bli matros.
Skiftordning: dagvakt – 2 veker på og 2 veker av. (Hverdager kl 07:00 – 19:00, lørdag kl 11:00 – 16:00 og søndag kl 11:00 – 19:30).
I denne stillinga vil ein ikkje bu ombord, det vil derfor vere ein fordel å bu lokalt.
Arbeidsoppgåver
- Førefallande arbeid om bord
- Billettering
- Kundehandsaming
- Andre oppgåver iht stillingsinnstruks
Kvalifikasjonar
- Gyldig helseerklæring
- (Krise- og passasjerhandtering)
- Søker må ha fylt 18 år
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
- Må bu lokalt
Kontaktinformasjon
Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704, silje.hole@fjord1.no
Arbeidsstad
Fv49
5414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4898715073
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 03.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet. |
Webside | http://www.fjord1.no |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Sjøfart |
Sted | ONARHEIM (Adresse: Fv49 150 Postnr: 5694) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-01-2025 |