Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Vil du bli vår neste planleggjar i Sogndal kommune?

Vil du bli vår neste planleggjar i Sogndal kommune? 

I Sogndal kommune driv me med framtidsbygging kvar dag! Her hjå oss er det meir enn 1300 tilsette som står på for å sikre gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane våre. Sogndal veks, og det er spådd at me får dei yngste innbyggjarane i landet i 2050! Samstundes må me endre måten me leverer tenestene våre på for å vere relevant også i framtida. Det krev at me tenkjer nytt – og me treng deg som vil vere med å legge grunnlaget for framtidas lokalsamfunn. 

Kva vil du få drive med? Som vår nye planleggjar vil du jobbe med planarbeid som verkeleg betyr noko for folk. Du vil arbeide tett på samfunnsutviklinga, få påverke viktige prosessar og vere ein del av eit spanande team som jobbar med alt frå overordna arealplanlegging til detaljplanar. Jobben din blir å legge til rette for at Sogndal kan vokse på ein berekraftig og gjennomtenkt måte – slik at me kan gje plass til alle dei nye sogningane som kjem. 

Arbeidsoppgåvene vil variere, men her er nokre smakebitar på kva du kan forvente: 

  • Planarbeid for areal og bygningsplanlegging – vere med på å forme framtida til lokalsamfunnet vårt, med berekraft og trivsel i sentrum. 

  • Samarbeid og kommunikasjon – tett dialog med utbyggjarar, arkitektar, politikarar og innbyggjarar. Saman skal me finne dei beste løysingane for heile bygda. 

  • Innovasjon og nyskapning – ikkje vær redd for å tenke utanfor boksen! Me vil at du kjem med dine idear og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. 

Er du planleggjaren me ser etter? Me leiter etter deg som: 

  • Har utdanning innan planlegging, arkitektur, by- og regionplanlegging, geografi eller liknande – eller erfaring frå planarbeid i kommunal eller privat sektor. 

  • Kjenner deg heime i lovverket (plan- og bygningslova, forvaltningslova) og veit korleis det skal brukast til å skape gode planprosessar og ei ønska samfunnsutvikling. 

  • Er ein lagspelar og trivst med dialog og samarbeid – du veit at dei beste resultata kjem når fleire bidreg saman. 

  • Har ein positiv, nysgjerrig og utviklingsorientert haldning – vilje til å tenke nytt og utfordre etablerte praksisar. 

Kvifor Sogndal? Sogndal er meir enn fjord og fjell. Det er ein stad der framtida vert til! For å klare det treng me fleire som kan vere med i teama våre med ei ekte utfordrarhaldning – der kompetansen din vert brukt, sett pris på og er med på å skape faktisk utvikling. Me er ein distriktskommune i vekst, ein plass som har framtida føre seg – og det vil me at du skal vere med på! Sjekk gjerne ut Sogn.no for meir informasjon. 

Har du lyst å vere ein del av vår plangjeng? Send oss ein søknad, eller ta kontakt med Helle Selseng eller Joakim Systaddal for meir informasjon. 

Velkomen til å skape framtida saman med oss! 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Plan og forvaltning orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0fc99a7e-7cad-45f1-a471-1da66f6cba16
IMPORTAPI