Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 19-11-2024

 

Vil du bli med på ferjenæringas største grøne revolusjon?

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 søkjer etter skipsførar, maskinsjef og overstyrmann til reservefartøyet for våre samband i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spennande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: Sjøvaktordning med 3 veker på, og 3 veker av av ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling, og karrierevekst.

Reise til og frå jobb vert dekka.
Opplagskai er i Kjøpsvik.

Arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar 

Skipsførar: Har overordna ansvar for mannskap, sikkerheit, passasjerer, utstyr og navigasjon.

Kvalifikasjonar:

  • Kompetansesertifikat D1
  • GMDSS/ROC
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

 

Overstyrmann: Har ansvar for skipets stabilitet, lasting og lossing, sikkerheit, navigasjon og vedlikehold på dekk.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum D2 
  • GMDSS/ROC
  • Ferdigheitssertifikat HMOB
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

 

Maskinsjef: Har ansvar for teknisk utsyr og maskineri. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehald.

Kvalifikasjonar:

  • Minimum M3
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

 

Personlege eigenskapar

Vi søker etter engasjert og profesjonelt mannskap til våre ferjer. Vi ser etter personer med teknisk kompetanse, god forståelse for sikkerhetsrutiner, og høy serviceinnstilling for å sikre en trygg og behagelig reise for passasjerene. Lagånd, fleksibilitet og evne til å takle varierte arbeidsoppgaver er viktige egenskaper.

Vi tilbyr

  • MF Sulafjord har sjøklasse, så du kan difor segle opp sertifikatet ditt til ubegrensa.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar.
  • Lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund/Det Norske Maskinistforbund.
  • Skiftordning: Sjøvaktsordning 3 veker på, 3 veker av.

Kontaktinformasjon

Synnøve Endal Andersen, Bemanningskoordinator, +47 90837879, synnove.andersen@fjord1.no

Arbeidsstad

Rv827
8590 Kjøpsvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4879998480
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted KJØPSVIK (Adresse: Rv827 Postnr: 8590)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a1903482-a141-4e89-9fc9-7021efbf7745
IMPORTAPI