Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Vil du bidra i kampen mot profittmotivert kriminalitet i det digitale rom?

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ein eller fleire faste stillingar som spesialetterforskar innan cyberkriminalitet. Stillingane er plassert i Bergen, men det må påreknast noko reiseverksemd i heile politidistriktet. 

Som tilsett i stillinga vil den primære oppgåva di vera etterforsking av cyberretta- og cyberstøtta kriminalitet, men du vil også delta i andre etterforskingsoppgåver ved avsnittet. Det er forventa at du bidreg i etterretningsarbeidet ved systematisk innhenting for å styrkje kunnskapsgrunnlaget innan fagfeltet. Du vil samarbeide tett med avsnitt for digitalt politiarbeid og bidra til ein tverrfagleg kamp mot cyberkriminalitet. Det vil også bli aktuelt å samarbeide med nasjonalt cyberkrimsenter og bedragerieininga i Økokrim.

Organisatorisk plassering av ressursane innan cyberkriminalitet kan verte endra. Vi vurderar å plassere dei saman med dei tekniske ressursane ved Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid – avsnitt for digitalt politiarbeid. I første omgang som ei tidsavgrensa prøveordning i samband med eit prosjekt med fokus på etterforsking av cyberkriminalitet og digitale bedrageri.

Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking av profittmotivert kriminalitet i det digitale rommet, herunder cyberretta og cyberstøtta kriminalitet
  • Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innan andre saker som er tillagde avsnittet og seksjonen
  • Gjennomgang av digitalt beslag og elektroniske spor
  • Sikre digital informasjon
  • Gje fagleg støtte til etterforskingsleiinga i saker der digitale spor er avgjerande
  • Drive intern opplæring og kompetansebygging hos medarbeidarane i heile politidistriktet innanfor fagområdet 
  • Sørgje for at dei faglege oppgåvene som er tillagt avsnittet/seksjonen vert utført i samsvar med gjeldande lovar, reglar og instruksar
  • Aktivt bidra til satsinga til politidistriktet på cyberkriminalitet, herunder avverging og førebygging.
  • Utføra andre oppgåver tildelt av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå eller tilsvarande innan relevant fagfelt
  • Erfaring med og/eller for interesse for arbeid med cyberkriminalitet/ informasjonssikkerheit/ hendingshandtering
  • Grunnleggjande teknisk forståing for korleis digital informasjon blir lagra og overført
  • God munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41

Ønskeleg:

  • Høgare utdanning innan datatekniske undersøkingar (digital forensics) eller informasjonssikkerheit. 
  • Erfaring innan etterforsking/handtering av cyberkriminalitet
  • Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
  • Kunnskap om sikring av digital informasjon og korleis denne kan brukast i etterforsking
  • Erfaring med å samle inn og analysere digital informasjon
  • Ønskeleg med utdanning innan etterforsking/gransking
  • Kunnskap om digitale betalingstenester og kryptovaluta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids-, relasjonsbyggings -og kommunikasjonsevner, herunder evne til å arbeide tverrfagleg og i team
  • Evne til å omstille seg raskt i ein hektisk arbeidskvardag
  • Resultatorientert, strukturert og med evne til å jobbe sjølvstendig
  • Løysingsorientert med god gjennomføringsevne
  • Sterk motivasjon og interesse for etterforsking av cyberkriminalitet, med eige initiativ og fleksibilitet

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet for framtida
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga vert lønna som spesialetterforsker (stillingskode 1552) frå  708.000,- brutto pr. år. Vidare
    lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr.
    hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Bedrifthelseteneste
  •  

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr:24/279412

Kontaktinformasjon

Martin Fosse, Avsnittsleiar, 47691036
For spørsmål om elektronisk CV/ søknad, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4841691830
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FEE-Avsnitt for etterforskning av økonomisk kriminalitet, Vest politidistrikt orgnr: 986440178
Kort om arbeidsgiver
Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5f8e29c5-9c49-4438-8996-d247021aa121
IMPORTAPI