Vikariat som lærar Vinjar skule – Suldal kommune Vinjar skule
Transport og lager Tog sporvogn og vegtrafikk(20 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 13-10-2024
Deadline: 17-10-2024
Vikariat som lærar Vinjar skule
Me hadde ein feil i systemet vårt som gjorde at søknaden ikkje kom inn, me håpar du vil søkje på nytt.
Me har ledig stilling som vikar for lærar ved Vinjar skule frå snarast og ut skuleåret 24/25.
Vil du bli med på laget, me har ledig inntil 50% vikariat på Vinjar skule.
Me er opptekne av å skapa eit trygt og godt skulemiljø der me legg til rette for læring og utvikling for alle. Skulen har moderne fasilitetar, og fint nærmiljø. Me har mellom anna gymsal og garderobar i eige bygg, gamingrom, spesialrom, sløyd. Me har eit godt skule-heim samarbeid. Kort avstand til idrett og friluftsaktivitetar (Prestavikjo og skog/fjell)
Me legg også opp til ein variert skulekvardag der me nyttar ressursar i nærmiljøet.
Om stillinga:
Me søkjer deg som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø i Suldalsskulane, der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Lærarstudentar blir oppfordra til å søkja
Arbeidsoppgåver:
Me søkjer lærar med kompetanse for mellomtrinnet, der me vektlegg evne til å byggja relasjonar til elevar og kollegaer. Vinjar skule er oppteken av og fremja eit trygt og godt skulemiljø for alle.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule, men søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.
- Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
- Du må vera fleksibel og positiv.
- Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
- Suldalsskulane nyttar læringsbrett i undervisning og utviklingsarbeid.
- Du må trivast saman med elevar og føresette.
Personlege eigenskapar:
- Vera positiv og ha god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjonsevner
- Vera ein tydeleg og varm klasseleiar
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta
- Ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO