Vikariat som fastlege ved Skjåk legesenter – Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Health and social care Lege(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 30-10-2024
Deadline: 28-11-2024
Vikariat som fastlege ved Skjåk legesenter
Skjåk kommune har ledig vikariatstilling som fastlege i 80% stilling frå d.d. til 01.05.2025.
Vikariatet kan bli forlenga. Fastlegeheimelen har for tida ansvar for 630 listepasientar og akutthjelp på dagtid frå legekontoret, andre kommunale oppgåver etter nærare avtale — per nå helsestasjonsarbeide 2-3 timar per veke. I tillegg blir du ein del av det regionale legevaktsamarbeid mellom dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Den regionale legevakta er lokalisert ved Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter på Otta.
Skjåk legesenter er lokalisert på kommunehuset i Bismo med 3,2 legeheimlar og LIS1 (turnuskandidat).
Krav til kompetanse
-
norsk autorisasjon som lege
-
gjennomført norsk turnusteneste
-
gode faglege kvalifikasjonar, evne til samarbeid og samhandling
-
gode kommunikasjonsevner
-
det er ein føresetnad at søkjar meistrar norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
-
søkjar må ha førarkort
-
ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med fastløn etter avtale
-
Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
-
Regelmessig rettleiing gjennom heile tilsettingsperioden
-
Eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og fagleg utvikling
- Pensjonsordning i KLP
Ved tilsetting er det krav om politiattest.
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
For nærare opplysingar, ta kontakt med kommuneoverlege Sondre Bøye, 482 94 126, eller tenesteleiar for helse Eli Skjåk Teigum 902 41 735 .
Søknadsfrist 28. november 2024
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Skjåk Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974595532 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt. |
Webside | https://www.skjaak.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | SKJÅK (Adresse: Moavegen 30 Postnr: 2690) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 28-11-2024 |