Stillingsbeskrivelse

Published 15-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Vikariat for rådgivar HR og kvalitetsarbeid

Vi leitar etter deg som har kompetanse innan HR og kvalitetsarbeid. Du er en viktig brikke i teamet vårt for at vi skal kunne levere godt i kompetanse- og næringsavdelinga.

Arbeidsoppgåver

Du får jobbe med å:

  • vere superbrukar på det digitale kvalitetssystemet og avdelinga sin representant i fagnetterket
  • utvikle, koordinere  og vedlikehalde prosessar og dokument i tråd med risikobilde, lov- og regelverkskrav
  • vere HMS-koordinator for kompetanse- og næringsavdelinga
  • saksbehandling, leiarstøtte og rådgiving innan HR-feltet, særleg planlegging og gjennomføring av rekrutteringsprosessar
  • for- og etterarbeid knytt til avdelinga sitt arbeidsutval

Det kan vere aktuelt med andre oppgåver basert på behova som oppstår i organisasjonen.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå.
  • interesse for HR og kvalitetsarbeid og helst relevant erfaring

Personlege eigenskapar

    Vi søker etter deg som

    • er sjølvstendig, systematisk og analytisk
    • har god digital forståing og evne til å sette deg inn i nye system
    • har gode munnlege og skriftlege formuleringsevner
    • innsikt i og interesse for relevant lov- og avtaleverk
    • har gode samarbeidsevner og er ein positiv bidragsytar 

    Vi tilbyr

    • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
    • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
    • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
    • løn etter avtale

    Kontaktinformasjon

    Monica Kjøl Tornes, Ass. kompetanse og næringsdirektør, 97 19 53 75, monica.kjol.tornes@mrfylke.no

    Arbeidsstad

    Julsundvegen 9
    6412 Molde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

    Referansenr.: 4894936608
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 03.03.2025
    Sluttdato: 31.03.2026
    Søknadsfrist: 12.01.2025

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver KON Stab, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Bli med å utvikle regionen saman med oss!

    Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

    Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

    Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

    For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

    Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
    Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

    Lenke til –> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)

    Webside http://mrfylke.no/jobb
    Bransje Kontor og økonomi
    Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
    Sted MOLDE (Adresse: Julsundvegen 9 Postnr: 6412)
    Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse 03-03-2025
    Søknadsfrist 12-01-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/27975b38-8d57-46cf-a96f-cc4428b80771
    IMPORTAPI