Vikariat for helsesjukepleiar – Hyllestad Kommune Helse- Og Omsorgsleiar

Health and social care Sykepleier

(6 timer siden)

  • HYLLESTAD
  •  Lagt til dato: 20. september 2024
  •  Expire date: 13. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 20-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Vikariat for helsesjukepleiar

Helsesjukepleiaren vår skal ha foreldrepermisjon, vi søkjer difor etter ein vikar i 100 % stilling frå 1.1.2025 og i eitt år framover.

Hva vi ser etter

Vi ser for oss at du er

utdanna sjukepleiar, helst med vidareutdanning som helsesjukepleiar. Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, du må vere interessert i barn og helse, tenkje tverragleg og heilheitleg, vere oppteken av å trygge og styrke foreldrerolla og ha gode kommunikasjonsferdigheiter i møte med brukarane våre.

Det er nødvendig med førarkort for bil, kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida. Den som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding, det er ein forutsetnad for tilsetting.

Arbeidsoppgaver

Som helsesjukepleiar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Vanlege helsestasjonsoppgåver knytt til helseundersøking og vaksinering av barn

  • Skulehelseteneste 1 dag per veke, lokalisert på skulen

  • Råd og rettleiing til foreldre/foresatte

  • Tverrfagleg samarbeid

  • Skriftleg dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande regelverk

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi tilbyr

Helsesjukepleiar har kontor på kommunehuset, lokalisert saman med m.a. legetenesta og etablert samarbeid med barnelege. Helsestasjonen har ansvar for barn 0 – 6 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste. Vi deler jordmor med Askvoll og Fjaler kommune.

Kvifor søkje hos oss?

  • Moglegheit til å bidra til ein sunn og trygg oppvekst for born og ungdom i Hyllestad

  • Moglegheit til å bidra aktivt i fag- og tenesteutvikling

  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse

  • Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom 9 – 14, samt moglegheit for delvis heimekontor

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og – her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestad info

Vi ser fram til din søknad!

Helsestasjonen er eit viktig tilbod for foreldre og barn i kommunen. Om du har lyst til å vere med oss på laget – ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hyllestad Kommune Helse- Og Omsorgsleiar orgnr: 975304825
Kort om arbeidsgiver

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika – Bergen.

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule, for å nemne noko.

Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre.

Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!

Webside https://www.hyllestad.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HYLLESTAD (Adresse: Lifjordvegen 7 Postnr: 6957)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0b6a547c-a56f-486c-a932-16a576b6ac32
Stillingsregistrering