Stillingsbeskrivelse

Published 23-10-2024
Deadline: 06-11-2024

 

Vikariat 100% stilling for spesialsjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar

Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak, Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling og Avdeling psykosomatisk medisin. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern.

Avdelinga har 8 sengeplasser og behandlar i snitt 24 pasientar pr år. Ved Seksjon døgn brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sitt sjukdomsbilde. Som regional avdeling tilbyr vi behandling til alvorlege sjuke med spiseforstyrrinngar i opptaksområde til Helse Vest, og er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.

RAS har etablert eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og miljøpersonale i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Deltakarar i responsteamet er psykolog og miljøpersonale med lang erfaring. Er det behov kan vi utvide teamet med overlege og klinisk ernæringsfysiolog. Teamet kan bidra i faglege drøftingar eller gje rettleiing i konkrete pasientsaker. Responsteam tilbyr også undervisning i samband med enkeltsaker.

Avdelinga har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. 

Vi har no ledig eit vikariat i 100% stilling for spesialsjukepleiar i perioden 15.12.2024 til 04.10.2025 med arbeidsplass i 60% i Responsteam, kombinert med 40% i Seksjon døgn. Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søke!

Arbeidsoppgåver

  • Rask respons på førespurnader frå helsepersonell som behandlar pasientar med alvorleg spiseforstyrring i Helse Vest
  • Tilby strukturert rettleiing til lokale behandlingsteam saman med psykologspesialist. Ved behov er også overlege og klinisk ernæringsfysiolog med i teamet
  • Organisere praktisk gjennomføring av arbeidet i Responsteam
  • Dokumentere rettleiingar i journalsystemet
  •  Miljøterapeutisk arbeid i Seksjon døgn

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleier
  • Vidareutdanning innan psykatri eller annan relevant vidareutdanning
  • Du må ha interesse for, og erfaring frå arbeid med alvorlege spiseforstyrringar og anna psykisk liding
  • Det er ønskeleg med erfaring frå rettleiingsarbeid
  • Realkompetanse med relevans kan erstatte utdanningskrav.
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Du må kunne bruke norsk på eit høgt nivå, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har eit engasjement for pasientgruppa og ønske om å videreutvikle kompetansen din
  • God samarbeidsevne
  • Du tilpasser deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
  • Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
  • Ivareta eigne oppgåve og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Signe Haugen, Avdelingssjef, 55976822, signe.haugen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4855816364
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk / Regional avdeling spiseforstyrringar orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 15 Postnr: 5021)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/269b90df-b928-4243-bfdb-c89b457d7c2c
IMPORTAPI