Vikarar i helse og omsorg – Aurland kommune

Health and social care Helsefagarbeider

(2 måneder siden)

  • AURLAND
  •  Lagt til dato: 18. september 2024
  •  Expire date: 23. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: Unknown

 

Vikarar i helse og omsorg

Om stillinga

Me treng helgevikarar  og tilkallingsvikarar for institusjonstenester og tilkallingsvikarar i heimetenester.

Institusjonstenester og heimetenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg.

Som tilkallingsvikar bestemmer du heilt fritt når du vil jobbe, som helgevikar er arbeidstida etter turnus.

1. helsetun 
2. kjøken
3. heimebaserte tenester 
4. dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt 
 

Skriv i søknaden om du ynskjer eitt av vala under, eller om du vil kombinere nokon av desse: 

  • helgevikar  ved institusjonstenester og jobbe kvar 3. helg, og langvakt om du ynskjer det
  • tilkallingsvikar ved institusjonstenester 
  • tilkallingsvikar ved heimetenester 

Arbeids- og ansvarsområde

  • OPPGÅVER HELSETUNET: 
    – pleie og omsorg til pasientane 
    – hjelp til personleg hygiene
    – tilsyn
    – rapportere til sjukepleiar om pasientane sine behov og observasjonar / endringar 
    – dokumentere / journalføre i elektronisk pasientjournal 
    – vere med pasientane i aktivitetar ved avdelinga, turar med elektrisk sykkel, gå- eller trille tur
    – sosialt samvær som til dømes: sjå bilde og film frå nær og fjern, lese avisa, songstund 
  • OPPGÅVER HEIMEBASERTE TENESTER:
    – yte naudsynt helsehjelp, stell, pleie, tilrettelegging og god omsorg
    – sårstell
    – medikamentutdeling
    – førebyggande og rehabiliterande helsearbeid
    – samarbeid med forskjellige faggrupper og tverrfagleg samarbeid
    – praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middag
  • OPPGÅVER DAGTILBOD:
    –  delta i aktivitetar for og med heimebuande personar med kognitiv svikt
     – delta i drift av dagsenter 
     – bidra til gode opplevingar ved måltida
  • OPPGÅVER KJØKEN:
    – ulike oppgåver delegert frå kjøkenleiar 
    – rapportere til kjøkenleiar om pasient eller brukarane sine behov og eventuelle endringar
    – delta i tillaging av mat / middag til helsetunet og til heimebuande

 

Me tilbyr

  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter tariff (lokal stige for sjukepleiarar og vernepleiarar)
  • ekstra laurdags- og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen
  • sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Kvalifikasjonar

  • For å dekke desse tenestene treng me sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og pleiemedarbeidarar / assistentar

Personlege eigenskapar

Me søker deg som har lyst til å jobbe med pasientar og brukarar i Aurland kommune, helse og omsorg.

Det vert difor lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og vi ynskjer at du;

– har interesse, og er motivert til å jobbe innan helse og omsorg
– er audmjuk, fleksibel og løysingsorientert
– har evne til samarbeid, og kan kommunisere     godt med pasientar, brukarar og kollegaer
– tek initiativ og er engasjert slik at trivnaden til pasient og brukar       skal bli best mogleg
– har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– har godt humør og er positiv
– tek nye utfordringar

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og  forsikringsordningar
  • Studentar under høgskuleutdanning får startløn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga.
  • Sjukepleiestudentar som har fullført medikamentprøve får kr 10 000 i tillegg til tariffløn
  • Me ynskjer at du fyller 18 år i løpet av 2024, men yngre søkarar kan også få tilbod 
  • For å jobbe i heimetenesta må du ha førarkort, klasse B
  • Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aurland kommune orgnr: 983788599
Kort om arbeidsgiver

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Webside https://www.aurland.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted AURLAND (Adresse: Skjerdalsvegen 31 Postnr: 5745)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/63516a3b-27c9-4c5c-b1f7-a06412f2d4fb
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268022