Stillingsbeskrivelse
Published 23-12-2024
Deadline: Snarest
Vi treng Mekanikar
Ynskjer du å drive med service og reparasjonsarbeid på lastebilar, har vi ledig stilling på Sande i Sunnfjord, og vi vil svært gjerne høyre frå deg.
Vi ynskjer deg som kan jobbe sjølvstendig, men som også er samarbeidsvillig. Med ditt gode humør kan du bidra til eit godt arbeidsmiljø. Vi har førsteklasses fagfolk som du vil jobbe tett saman med, og du vil derfor få gode moglegheiter for eigenutvikling og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver:
– Utføre service og vedlikehald på lastebilar, tilhengarar, skap og aggregat m.m.
– Feilsøking, diagnostisering og reparasjon av mekaniske og elektriske system.
– Bruke moderne diagnoseverktøy og IT-system i arbeidet.
– Sikre at alt arbeid utførast i samsvar med produsentens spesifikasjonar og krav.
Ønska kvalifikasjonar:
– Erfaring med reparasjon av tunge køyretøy, landbruks-/anleggsmekanikk, service eller elektronikk.
– Fagbrev innan tunge køyretøy og Førarkort klasse CE
– Generelle dataferdigheiter.
Vi kan tilby:
– Ein spennande og utfordrande stilling i eit solid og framtidsretta selskap.
– Interne kurs og opplæring.
– Konkurransedyktige føresetnadar, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.
– Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegar.
Om Nistad Transport:
Nistad AS – transport, distribusjon og lagring av næringsmidlar og øvrig gods. Vi satsar bevisst på kvalitet, nærleik til kunden og fleksibilitet, og vi framstår som eit lokalt alternativ til dei store samlastarane og speditørane. Vår bedrift er eit solid og seriøst familieeigd aksjeselskap med sterk
lokal forankring. I dag disponerer bedrifta 40 eigne bilar og har 70 tilsette.
Kontakt Eirik Nistad på 970 56 552 for nærare informasjon om korleis det er å jobbe hos oss!
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
DIVERSE INFO