Vi treng Lastebilsjåfør – Volda Maskin AS
Transport og lager Tog sporvogn og vegtrafikk(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 04-11-2024
Deadline: Snarest
Vi treng Lastebilsjåfør
Vi søkjer etter lastebilsjåfør, med erfaring innan transportarbeid i anleggsbransjen. Vi ser etter deg som arbeider godt sjølvstendig, men har også evne til å arbeide og kommunisere godt saman med andre. Du må ha gode rutiner for dokumentasjon av utført arbeid, så å kunne sette seg inn i våre system er viktig. Du har auge for gode løysningar, tek fornuftige og gjennomtenkte avgjersler, tek vare på bilar og utstyr, og har gode rutiner for HMS.
Dine kvalifikasjonar:
-
Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid.
-
Erfaring frå anleggsbransjen eller andre relevante bransjar.
-
Fagbrev innanfor relevant fagområde. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt.
-
Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
-
Førarkort klasse B, BE, C, CE.
-
YSK.
Vi kan tilby:
-
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
-
Moglegheit for fagleg utvikling.
-
Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Volda Maskin AS orgnr: 972178551 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 73 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke. |
Webside | https://www.voldamaskin.no |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Tog-, sporvogn- og vegtrafikk |
Sted | VOLDA (Adresse: Furene 42 Postnr: 6105) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |