Vi treng ein Superkraft-jeger! – Nordfjordkompaniet

Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning

(5 timer siden)

  • STRYN
  •  Lagt til dato: 18. desember 2024
  •  Expire date: 19. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Vi treng ein Superkraft-jeger!

Vil du leie an i jakta på born og unge sine skjulte talent? Vil du vere med på å forme framtida for born og ungdom i Nordfjord og gjere regionen endå meir attraktiv å bu og arbeide i?

Vi leitar etter ein engasjert prosjektleiar til <>. Prosjektet er eit banebrytande prosjekt som har som mål å hjelpe born og ungdom til å finne sine styrkar og interesser tidleg i livet, styrke deira valkompetanse, og gje dei innsikt i lokale moglegheiter for utdanning og yrkesliv.

Prosjektet <> er initiert av Nordfjordkompaniet for å motverke fråfall i skule og arbeidsliv. Det skal vidare sikre riktig kompetanse til regionen, og skape varige rekrutteringstiltak i distrikta. Gjennom eit tett samarbeid med skular, næringsliv og kommunar vil prosjektet inspirere og støtte ungdom i å utforske eigne evner og lære om karrieremoglegheiter lokalt.

Hjå oss får du jobbe tett med blant anna Tonje som har lagt eit supert utgongspunkt for <>. Ditt ansvar vil vere å bringe prosjektet vidare til nye høgder. Supersjefen, Tom-Øyvind , inspirera oss kvar dag til å sikte høgt, og du vil nok merke at dette smittar raskt. Kjetil jobbar kvar dag med å hjelpe superlærlingar til fagbrev, og Jakta på Superkreftene er noko han brenn for og vil bruke tid på ilag med deg. Resten av superteamet består av åtte ivrige sjeler som alle er veldig spent på kven du er.

Nordfjordkompaniet jobbar kvar dag for å gjere Nordfjord suprare, og noko av vår suksessoppskrift går på at vi jobbar hardt, men samtidig at vi prioriterer å ha det sosialt saman. Dette variera frå Coldplay-konsert i London til strategisamling på Barmen på hytta til Tom-Øyvind med fisking og veldig god heimelaga mat. Glede, energi og samhald skal prege arbeidskvardagen vår, og jobben skal kjennast ut som ein skikkeleg kjekk hobby.

Dette er ei 100 % stilling i eit 3-årig prosjekt , men eit av måla dine i løpet av desse åra blir å knekke koden for korleis fullfinansiere prosjektet vidare og såleis skape eit varig tiltak. Du vil ha base i fantastiske Nordfjord! Hovudkontoret er i Stryn, men vi er mykje på farta i heile Nordfjord regionen og er fleksible på kvar du jobbar frå. Vi stolar på at du får jobben gjort!

Dine arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar som knyter born og ungdom til lokalt næringsliv.

  • Utvikle verktøykasser og årshjul for skular og barnehagar i samarbeid med relevante aktørar.

  • Koordinere prosjektet og lage gode samarbeidsmodellar mellom barnehagar, skular og næringsliv.

  • Bidra til å skape eit varig system som støttar valkompetanse, tilknyting og trivsel blant ungdom i Nordfjord.

Vi ser etter deg som:

  • Har lyst til å leie dette prosjektet, og som likar å jobbe med born og ungdom.

  • Er ein naturleg brubyggjar og trivst med å skape og utvikle samarbeid med andre.

  • Har engasjement for distriktet og samfunnsutvikling.

  • Er god på å løfte andre, og er like opptatt av dei rundt deg som deg sjølv.

  • Ynskjer å bidra til at fleire unge finn sine <> og tek bevisste val for framtida si.

Om du no kjenner sommarfuglane kriblar i magen, bør du halde fram å lese.

Som prosjektleiar får du høve til å påverke og inspirere den neste generasjonen. I jobben vil du spele ei viktig rolle i utviklinga av Nordfjord som ein attraktiv region for å bu, leve og jobbe.

Dette er superkreftene det vil vere ein fordel for deg å ha, om det er du som skal leie prosjektet:

Prosjektleiing

Du har peiling på å planlegge og gjennomføre prosjekt — frå budsjett til rapportering, og alt imellom. Har du i tillegg kjennskap til prosjektarbeid i offentleg eller frivillig sektor, er det ekstra stas.

Kommunikasjon og samarbeid

I jobben er samarbeid og kommunikasjon heilt sentralt. Difor vil det vere viktig at du har evne til å skape samarbeid, og kan kommunisere prosjektet sin verdi på ein forståeleg og inspirerande måte.

Innovasjon og kreativitet

Vi har ikkje funne nokon tilsvarande prosjekt, og det vil seie at dette er nybrotsarbeid. Du må difor like å jobbe i ukjent terreng, der vegen fram til målet ikkje alltid er klar. Alle som jobbar med oss vil på forskjellige måtar vere med på utviklinga, men det vil vere du som skal drive prosjektet framover. Om du tenkjer at du kan bidra til ei kreativ tilnærming til korleis ein kan utvikle verktøy og ressursar som årshjul og malar for skular og barnehagar trur vi at du kan vere den rette for denne jobben.

Psykologi og pedagogikk

Du har tankar om eller forstår korleis born og unge lærer og utviklar seg, og kan bruke det til å lage kjekke og lærerike aktivitetar. Det er eit pluss om du veit korleis du kan få ungdom til å bli gira og engasjert!

Vi forventar ikkje at du skal inneha alle desse eigenskapane, men dette er ein peikepinn på kva du kjem til å bli god på i rolla som prosjektleiar for Jakta på Superkreftene.

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og engasjement: Brenn for å skape endring og for å hjelpe ungdom til å finne sine styrkar og interesser.

  • Systematisk og strukturert: God på å organisere og koordinere oppgåver, med eit auge for detaljar og gjennomføring — fullført er betre enn feilfritt.

  • Empati og evne til å byggje tillit: Kan møte ungdom på deira nivå og skape eit trygt og inkluderande miljø der dei kan utforske eigne evner og mål.

Om du synest denne stillinga er spennande, men er litt i tvil om du skal søkje, så ringe du Tonje på 940 57 325 for å få svar på det du lurer på.

Søknadsfrist: 19. januar 2025

Send skriftleg søknad til: tonje@nordfjordkompaniet.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nordfjordkompaniet orgnr: 916744544
Kort om arbeidsgiver

Nordfjordkompaniet er ei ideell foreining i Nordfjord som jobbar med bu- og bli lyst for regionen gjennom ulike satsingar som Superlærling, Superjobb, Heia Nordfjord og Superfritid.

Kvar dag i åra som kjem skal vi og alle våre samarbeidspartnarar våkne opp og stille oss spørsmålet: <> Vi trur på krafta av fellesskap og på at når alle gjer litt så kan vi oppnå store ting. Dette er ikkje berre eit slagord — det er ein filosofi som driv oss framover. Nordfjordkompaniet jobbar med å gjere Nordfjord til ein plass der folk kjenner superkreftene sine og har jobbar dei elskar. Utforsk sida vår og bli kjent med satsingane våre. Saman gjer vi Nordfjord suprare!

Webside https://www.nordfjordkompaniet.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted STRYN (Adresse: Hegrevegen 1 Postnr: 6783)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f884671d-907d-4928-a4be-6a56be2dda83
Stillingsregistrering