Vi treng Anleggsmaskinmekanikar – Volda Maskin AS
Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk(5 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 29-11-2024
Deadline: 03-01-2025
Vi treng Anleggsmaskinmekanikar
Arbeidsoppgåvene består av vedlikehald og reperasjonar av maskinpark, lastebilar, hengarar og småmaskiner. Arbeidet vil utførast både på verkstad og ute på anlegg. Du vil i tillegg delta i fleire arbeidsprosessar på verkstaden vår, blant anna bidra til å halde oversikt over delebestilling og forbruksmateriell til verkstad/lager, servicar/ PKK på bilane og sertifisering av maskinpark.
Dine kvalifikasjonar:
· Løysningsorientert, sjølvstendig, evne til å ta ansvar og sikre effektiv framdrift.
· Stor arbeidskapasitet og samarbeidsvilje.
· Fagbrev innanfor relevant fagområde.
· Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kan vege opp for manglande formell kompetanse.
· Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
· Førarkort klasse B, BE og truckførarbevis.
· Tilleggskompetanse t.d. C/CE og maskinførarbevis er ønskeleg men ikkje eit krav.
Vi kan tilby:
-
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.
-
Moglegheit for fagleg utvikling.
-
Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
-
Oppstart etter avtale.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Volda Maskin AS orgnr: 972178551 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 73 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke. |
Webside | https://www.voldamaskin.no |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | VOLDA (Adresse: Furene 42 Postnr: 6105) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 03-01-2025 |