Vi søkjer vikarar til vårt ferjesamband! – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS
Transport og lager Logistikk lagerarbeid og innkjop(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 22-10-2024
Deadline: 07-11-2024
Vi søkjer vikarar til vårt ferjesamband!
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 overtar driften av sambandet Levanger-Hokstad fra 01.01.2025, og vi søkjer no etter vikarar til stillingar som navigatør, maskinsjef og matros.
Ferja har skiftordning: 5-skiftsløsning 12:12, 2 veker på og 3 veker fri. Og vi treng vikarar dersom nokon frå det faste mannskapet er fråværande sånn at ferja kan gå som normalt.
Fjord1 har ei leiligheit i nærleik av sambandet, som du kan få bo i under arbeidsperioden.
Ønsker du ein fleksibel vikarjobb? Ta kontakt for meir informasjon dersom du er interessert!
Skipsfører/overstyrmann
Her får du overordna ansvar for fartøy, besetning og passasjerer.
Kvalifikasjonar:
- Minimum Kompetansesertifikat D3
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Ferdigheitssertifikat HMOB (Overstyrmann)
Maskinsjef
Her får du ansvar for teknisk utsyr og maskineri. Arbeidet består av overvåkning, ettersyn, reparasjoner og vedlikehold
Kvalifikasjonar
- Minimum kompetanansesertifikat M3
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Matros
Som matros får du blant anna ansvar for salong, billettering, kiosk, fortøyning, renhold, vedlikehold og kontakt med passasjerer
Kvalifikasjonar
- Ferdighetssertifikat matros
- Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
- Gyldig helseerklæring
- Ferdigheitssertifikat HMOB
- Krise- og passasjerhandtering
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og det aktuelle forbundet
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Overnattingsmoglegheiter i arbeidsperioden
- Skiftordning: 5 skiftsløsning 12:12, 2 veker på og 3 veker fri
Kontaktinformasjon
Lise-Beathe Naas, Bemanningskoordinator, +47 93853263
Arbeidsstad
7600 Levanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4870488669
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 07.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet. |
Webside | http://www.fjord1.no |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Logistikk, lagerarbeid og innkjøp |
Sted | LEVANGER (Adresse: Postnr: 7600) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 07-11-2024 |