Vi søkjer tilkallingsvakter – Forsvarets forskingsinstitutt

Security and readiness Vakt sikrings og kontrollarbeid

(19 timer siden)

  • KJELLER
  •  Lagt til dato: 9. januar 2025
  •  Expire date: 24. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 09-01-2025
Deadline: 24-01-2025

 

Vi søkjer tilkallingsvakter

Eininga for vakt og sikring ved FFI aukar bemanninga med fleire tilkallingsvakter. Vi søkjer no 2 dyktige og profesjonelle tryggingsvakter til eininga vår. Arbeidstida vil variere avhengig av oppdraga som kjem, men i hovudsak vil det vere resepsjon og vaktteneste på dagtid og kveldstid, om natta og som helgearbeid.

Arbeidsoppgåver

  • resepsjonsteneste
  • følgjetenester
  • faste oppgåver innan besøksadministrasjon
  • førebyggjande tryggingsarbeid
  • inspeksjons- og kontrollteneste
  • overvaking av elektroniske system
  • respons på hendingar i samsvar med rutinar

Kvalifikasjonar

  • gjennomført vidaregåande skule
  • minimum 2 års samanhengande erfaring innan vakt og tryggleik og/eller forsvaret
  • sertifikat for bil (B)
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk, både munnlege og skriftlege
  • god meistring av dataverktøy

Det er ein fordel med erfaring frå offentleg sektor.

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsmedviten og tillitsskapande med gode kommunikasjonsevner.
  • Du har ei evne til å ta raske og sikre avgjerder i hektiske arbeidssituasjonar.
  • Du er grundig og nøyaktig.
  • Du er positiv og serviceinnstilt og ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du har stor arbeidskapasitet.

Vi søkjer ein strukturert kollega med svært gode samarbeidsevner. Du må trivast med rutinar, vere sjølvstendig og ha god vurderingsevne. Det er ein fordel med fagbrev i tryggingsfaget, gjennomført førstegongsteneste i nyare tid, godkjend vektarutdanning, dokumentert opplæring innan brann, redning eller førstehjelp og kjennskap til tryggingsloven. Personlege eigenskapar blir lagde vekt på.

Rask tiltreding i stillinga vil vege positivt.

For å jobbe ved FFI må du tryggleiksklarerast og autoriserast på nivå Hemmeleg / NATO Secret. Du kan lese meir om tryggleiksklarering på ffi.no.

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og utviklingsorientert miljø. Vi har bedriftsidrettslag, tilskotsordning for trening på treningssenter og andre sosiale tilbod. Som tilsett ved FFI blir du medlem i Statens pensjonskasse, som tilbyr låne-, forsikrings- og pensjonsordningar.

Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, utan omsyn til alder, kjønn og bakgrunn, hol i CV-en eller behov for fysisk tilrettelegging. Lønna på FFI følgjer Statens lønnsregulativ og blir berekna ut frå relevans, nivå og lengd på utdanning og erfaring. Det blir trekt to prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Nærmare opplysingar får du ved å kontakte vaktleiar Kim Sjøbrend på tlf. 40 55 59 93.

Send søknad vedlagt kopiar av vitnemål frå vidaregåande skule og anna utdanning, og dessutan attestar frå relevant arbeidserfaring, innan 24.01.2025

Kontaktinformasjon

Kim Sjobrend, Vaktleder, 40 55 59 93, kim.sjobrend@ffi.no

Arbeidssted

Instituttvn 20
2007 KJELLER

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Forsvarets forskningsinstitutt

Referansenr.: 4885597570
Stillingsprosent: 0%
Annet
Søknadsfrist: 24.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Forsvarets forskingsinstitutt orgnr:
Kort om arbeidsgiver Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) er et av landets ledende kompetansemiljøer innen teknologi. FFI er en sivil forskningsinstitusjon direkte underlagt Forsvarsdepartementet. Virksomheten har ca. 850 ansatte, hvor rundt 600 er forskere og ingeniører som utvikler teknologi og kunnskap for å gjøre Norge i stand til å ha et tidsriktig og effektivt forsvar. Instituttet er tverrfaglig og dekker fag som fysikk, informatikk, kommunikasjonsteknologi, kybernetikk, anvendt matematikk, elektronikk, kjemi, biologi, medisin, statsvitenskap og økonomi. Instituttet ligger på Kjeller ved Lillestrøm og Karljohansvern i Horten.
Webside https://www.ffi.no/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted KJELLER (Adresse: Instituttvn 20 Postnr: 2007)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d4364c91-8920-45db-88b7-1602023cacc7
IMPORTAPI