Vi søkjer spesialsjukepleiar/ vernepleiar til TSB poliklinikk Odda/Valen – Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Health and social care Sykepleier(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Vi søkjer spesialsjukepleiar/ vernepleiar til TSB poliklinikk Odda/Valen
VI tilbyr fast stilling i vår TSB poliklinikk
Folgefonn Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvaret for TSB og allmennpsykiatriske spesialisthelsetenester innan rus og psykiatri i kommunane Kvinnherad og Ullensvang. Vi betener eit befolkningsgrunnlag på om lag 20 000 vaksne innbyggjarar.
Våre poliklinikkar i Valen og Odda består av eit tverrfagleg team med psykologspesialistar, psykiatrar, spesialsjukepleiarar, ruskonsulentar og fysioterapeutar. I Odda har vi også ansvar for LAR-utdeling og TSB poliklinikken deltek i samhandlingsteamet med Ullensvang kommune, som sikrar saumlause behandlingstilbod for pasientar med ruslidingar. Folgefonn DPS har også døgnpost med 12 døgnplassar på Valen med godkjenning for tvunge psykisk helsevern og Fact. Her er også tilbod om gruppebehandling.
Stillinga inngår i eit TSB team som vil få ansvar for pasientoppfølgjing av pasientar i heile opptaksområdet. Det inneber ambulering mellom lokasjonane Odda og Valen.
Det er gode samarbeidstilhøve med døgnavdeling og ambulant eining med sikte på å tilby eit heilskapleg behandlingstilbod.
Vi ser frem til å motta din søknad!
Ta gjerne turen innom: Hardanger (hardangerfjord.com) for å lese meir om flotte Hardanger.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av personar med rus lidingar
- Samarbeid og rettleiing av personell
- LAR behandling
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar eller vernepleiarmed norsk autorisasjon
- Vidareutdanning i psykisk helse og rus
- Tilleggsutdanning og erfaring frå arbeid innan rusbehandling er ønskeleg
- Relevant erfaring og praksis.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- kan arbeida sjølvstendig og i team, blir vektlagt.
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er initiativrik, engasjert, reflektert og løysningsorientert
Personlege eigenskaper vert vektlagde.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtale mellom NSF og Helse Fonna HF.
- Gode løns- og arbeidsvilkår. Fleksibel arbeidstid om ønskjeleg.
Kontaktinformasjon
Erlend Hellingsrud, Poliklinikk leiar, 95256269, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no
Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, +47 53 46 64 12
Arbeidsstad
Sjukehusvegen
Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4895993968
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Folgefonn DPS, Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | VALEN (Adresse: Sjukehusvegen 13 Postnr: 5451) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |