Vi søkjer sjukepleiar! – Kirurgisk post,Haugesund sjukehus
Health and social care Sykepleier(17 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 24-10-2024
Deadline: 08-11-2024
Vi søkjer sjukepleiar!
Vi har nå fast stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus på Kirurgisk post.
Sengeposten har 8 senger og består av fleire fagfelt: kar og thorax kirurgi, brystkreft og andre brystoperasjonar, thyroidea, føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske operasjonar. Vi har òg gynekologiske pasientar i helg og høgtidar, samt ferie. Avdelinga har mange dagkirurgiske pasientar og vi har nær tilknytning til poliklinikkane.
Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Samarbeid med dei andre tilsette på sengeposten, samt samarbeid med legane
- Vi har stille rapport og delt gruppe slik at du vil ha ansvar for pasientane dine
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som Dips og Meona
- Det er ønskeleg med sårstell erfaring, men ikkje eit krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er ryddig og strukturert
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er sjølvstendig og har evne til å prioritere oppgåver
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- likar nye utfordringar
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein spennande arbeidsplass i utvikling
- Opplæring med sjukepleiar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Ringe, Avdelingsleiar
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4876854907
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 08.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirurgisk post,Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-02-2025 |
Søknadsfrist | 08-11-2024 |