Stillingsbeskrivelse

Published 16-12-2024
Deadline: 03-01-2025

 

Vi søkjer en kommunikasjonsrådgjevar som skal jobbe med video og innhaldsproduksjon. 

Om stillinga og avdelinga

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) søkjer en kommunikasjonsrådgjevar som skal jobbe spesielt med videoproduksjon til dei eksterne kanalane våre. Kommunikasjonsrådgjevaren skal utvikle og produsere visuelt innhald som engasjerar, formidlar og informerer om HK-dirs ulike tenester og verkemiddel.  Stillinga vil innebere planleggjing og å jobbe strategisk med innhald frå idé til gjennomføring. Rådgjevaren får ei sentral rolle i produksjon av innhald til sosiale medium, nyheitsbrev og nettsider. 

HK-dir ser etter ein dyktig og kreativ kommunikasjonsrådgjevar med hovudoppgåver innan video og bilete. Stillinga er ein del av stab for kommunikasjon. Staben har medarbeidarar i både Oslo og Bergen, og denne stillinga har kontorstad i Oslo. Ansvar for ekstern og intern kommunikasjon i HK-dir ligg hos staben, som blir leidd av en kommunikasjonsdirektør. 

Arbeidsoppgåver

  • utvikle konsept, manus og innhald   
  • planleggje og gjennomføre filmopptak 
  • gjere strategiske vurderingar og langsiktig planlegging av innhald
  • fagleg rådgjeving klippe og redigere video
  • tilpasse innhald til ulike eksterne kanalar som sosiale medium og nettsider
  • ta bilete – og redigere dei
  • intern opplæring
  • eventuelle andre oppgåver knytt til stab for kommunikasjon

Kva kvalifikasjonar treng vi?

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne mastergrad innanfor relevant fagområde 
  • relevant arbeidserfaring innan planlegging, produksjon og presentasjon av video, foto og manus
  • gode samarbeidsevner
  • arbeide sjølvstendig og effektivt på tvers av fag og organisasjon
  • klare å kommunisere komplekst fagstoff på ein kreativ og lettfatteleg måte gjennom video

Det er i tillegg ein fordel med:

  • erfaring frå offentleg sektor
  • erfaring frå å jobbe med utdanningsfeltet eller andre delar av mandatet til direktorata
  • erfaring med bruk av drone

Hos oss får du:

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø 
  • høve til fagleg utvikling 
  • høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka 
  • høve for mobiltelefonordning 
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Godt tilrettelagde lokale i Oslo sentrum
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar 

Lønsvilkår

  • Lønsplassering etter kompetanse
    • stillingskode som rådgjevar i fast stilling med en årsløn mellom kroner 560 000 og 660 000
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. 

Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand. 

Søknad og CV

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse orgnr: 886339542
Kort om arbeidsgiver

Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.

Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Les meir om HK-dir her www.hkdir.no

Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.

 

Webside https://www.hkdir.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk, kommunikasjon og litteratur
Sted OSLO (Adresse: Karl Johans gate 7 Postnr: 0154)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2aea5d7e-67f8-46c1-8df7-c80708e3ccc4
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272610