Vi søker deg med kompetanse innan  helsefag og analyse  – Statens helsetilsyn

IT Utvikling

(3 dager siden)

  • OSLO
  •  Lagt til dato: 15. september 2024
  •  Expire date: 5. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 15-09-2024
Deadline: 05-10-2024

 

Vi søker deg med kompetanse innan  helsefag og analyse 

Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta.
Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging.
Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og
personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.

Ein føresetnad for å utvikle tilsynet og formidle erfaringar med tilsyn, er å ha oversikt over informasjonen vi får frå tilsyn og klagebehandling, og å omsette den informasjonen inn i overordna analyser, beslutningsgrunnlag og til formidling.

Vi søker etter deg med  kompetanse innan helsefag og analyse. Hovudoppgåva vil vere å systematisere, samanstille og analysere data frå tilsyn, og å vidareutvikle dette arbeidet. I tillegg vil du òg vere med på det strategiske digitaliseringsarbeid vårt som opnar for mange nye moglegheiter innan datahandtering. 

Stillinga er for tida plassert i Avdeling i for operativt tilsyn som handterer varsel om alvorlege hendingar. 

Arbeidsoppgåver

  • utvikle, samanstille, analysere og formidle funn frå tilsyn, både internt og eksternt
  • delta i analyselaget i Helsetilsynet, der du vil bidra i utviklinga med analysearbeidet med særleg vekt på tolking av informasjon frå helsetenesta
  • bidra i Helsetilsynet sitt digitaliseringarbeid, inkludert utvikling av nye fagsystem og bruk av KI
  • samanstille data og utarbeide rapportar, artiklar og presentasjonar
  • kvalitetssikre data knytt til varsel om alvorlege hendingar, landsomfattande tilsyn og andre tilsynssaker

Det krevst tverrfagleg tilnærming til arbeidet og tett samarbeid internt i organisasjonen. Tilsette i Helsetilsynet må rekne med å leie og koordinere ulike arbeidslag.

Det vil kunne påleggast andre oppgåver. 

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning, fortrinnsvis med helsefagleg bakgrunn. Den som blir tilsett må ha god forståing for innhaldet i data frå helsetenesta
  • relevant arbeidserfaring
  • erfaring med systematisering, samanstilling og analyse av kvalitative og/eller kvantitative data
  • god digital kompetanse

Ønskte kvalifikasjonar:

  • erfaring i bruk av ulike programmeringsspråk og verktøy for kvalitativ og kvantitativ analyse
  • sikkerhetsfagleg kompetanse som inneber god forståing av kompleksiteten i helsetenesta og forbetringsmetodikk
  • kjennskap til tilsyn
  • kunnskap om offentleg forvalting

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er positiv, utviklingsretta, og som har stor arbeidskapasitet og ein løysingsorientert haldning. 

Du må:

  • ha svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • ha evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta, og ha god gjennomføringsevne
  • ha gode samarbeidsevner og trivest med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
  • vere nysgjerrig og lærevillig

Vi legger stor vekt på at du er personleg eigna.

Vi tilbyr

Lønn for seniorrådgivar: kr. 680 000 – 850 000. For særs godt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. 

Vi er om lag 140 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida.

Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn.  Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn.  Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort  sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.   

Kontaktinformasjon

Ingerid Helene Herstad Nygaard, Avdelingsdirektør, 21 52 99 50 / 997 28 066, ihn@helsetilsynet.no

Arbeidssted

Møllergata 24
0179 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

Referansenr.: 4841721286
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens helsetilsyn orgnr: 974720817
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.helsetilsynet.no
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted OSLO (Adresse: Møllergata 24 Postnr: 0179)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9de53df7-6c9b-4278-9466-d096345c1f5e
IMPORTAPI