Stillingsbeskrivelse

Published 14-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Vi har styrka grunnbemanninga, og har ledig 2 faste stillingar som miljøterapeut i 100 %

Hausten 2024 har Stavanger Akuttsenter avdeling Madla utvida antall akuttplassar og styrka grunnbemanninga.

Vi har difor ledig 2 faste stillingar i 100 % som miljøterapeut. Vi er i ei spennande utvikling der vi styrkar avdelinga vår med bemanning og kompetanse. Det kan blir fleire ledige stillingar. 

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom

Ungdomane du skal hjelpe kjem til oss i ei kritisk stund i eiga liv.
Vil du vere med å hjelpe dei?
Vere der for dei når det gjeld som mest?
Gje dei omsorg, varme og tryggleik i timane, dagane og vekene som kjem?

Hvis du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, kan dette vere rette jobben for deg.
Stavanger akuttsenter, avdeling Madla tek imot ungdom plassert etter lov om Barnevern §§ 6-1 og 6-2/ 5-1. Vi har plass til 4 ungdomar i alderen 13-18 år.

Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 2 institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.

Det å jobbe i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Oppstart etter avtale. Det er planlagt endringar i turnusen i løpet av hausten. Det er i den samanheng mål om å kombinere ulike typer turnusordninger samt gjennomføre ei endring  frå arbeid kvar tredje til kvar fjerde helg. P.t. har avdelinga turnus med både 8 timars og inntil 16 timars vakter. Ytterlegare endring i turnus må påreknast.

Vi ynskjer ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.

 

Arbeidsoppgåver

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningsliner og fagleg rettleiar.
  • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hjå oss.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartar rundt den einskilde ungdom.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Hovudkontaktansvar, til dømes bruk av kartleggingsverktøy, utarbeida handlingsplanar og retningsliner, skrive rapportar og gjennomføra strukturerte samtalar og sikre medverknad.
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
  • Ansvarsvakt.

Kvalifikasjonar

Krav til stillinga:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Du må ha evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
  • Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
  • For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, p.t. kr 466 600 – 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 – 624 500 pr. år (ltr. 53-64) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200- 624 500 pr. år (ltr. 54 – 64).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar og internt opplæringsprogram.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

 

Informasjon til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrer vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkerportala. Er det kvalifiserte søkare, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til Stavanger Akuttsenter, avd. Madla.
  • Politiattest må framlegges ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlisten. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontakter deg dersom ynskjet ditt ikkje tas til følge.

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takas med ved et evt. intervju.

Kontaktinformasjon

Arne Veivåg, 46618813
Monika Høyer Haugland, 47844074
Bernt Magne Egeland, 46619333

Arbeidssted

Kompani Linges vei
 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4866336743
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stavanger akuttsenter – Madla, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted HAFRSFJORD (Adresse: Kompani Linges vei Postnr: 4045)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ac15f1ea-635d-4128-b111-b5d60e11954e
IMPORTAPI